1Ein dag sa Elisa til mor åt den guten han hadde gjort levande: Gjer deg reidug og tak ut med huslyden din og gjev deg til i utlandet, kvar det kann høva! For Herren hev stemnt hungersnaudi hit, og ho kjem og yver landet og skal vara sju år.
2Kona ferda seg til og gjorde som gudsmannen sa; ho for utanlands med huslyden sin og budde i Filistarlandet i sju år.
3Då dei sju åri var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho tok straks i veg og vilde beda kongen um hjelp til å få att huset sitt og jordvegen.
4Kongen heldt då på og tala med Gehasi, sveinen åt gudsmannen, og bad han fortelja um dei storverki Elisa hadde gjordt.
5Medan so han fortalde kongen at Elisa hadde fenge liv i ein som var daud, kom i same stundi mor åt den guten han hadde fenge liv i, og bad kongen um hjelp til å få att huset og jordi. Då sa Gehasi: Herre konge! Her er kona, og her er son hennar, som Elisa fekk liv i.
6Kongen spurde kona ut, og ho fortalde han alt. So sende han ein av hirdmennene med henne og sa til han: Syt for at ho fær att alt det som høyrer henne til, og alt det jordvegen hennar hev gjeve av seg frå den dag ho for ut or landet, og til no!
7Då Elisa ein gong kom til Damaskus, låg Benhadad, syrarkongen, sjuk. Dei sa til kongen: Gudsmannen er komen hit.
8Då sa han til Hasael: Gakk til møtes med gudsmannen og hav med deg ei gåva! Bed han spyrja Herren um eg skal koma meg av denne sjukdomen!
9So for Hasael til møtes med han og hadde med seg ei gåva av det likaste som fanst i Damaskus, so mykje som fyrti kamelar kunde bera. Då han møtte Elisa, gjekk han fram for han og sa: Din son Benhadad, kongen i Syria, sender meg til deg og spør: Skal eg koma meg av denne sjukdomen?
10Elisa svara: Gakk du berre og seg til han at han skal koma seg; men Herren hev synt meg at han kjem til å døy.
11Gudsmannen stirde ovende lenge på han, og so tok han til å gråta.
12Då spurde Hasael: Kvifor græt du, herre? Han svara: Av di eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera Israels-borni; borgene deira kjem du til å setja eld på, dei unge karane deira drep du med sverdet, småborni deira krasar du, og barnkonone deira rister du upp.
13Hasael sa: Korleis skulde ein hund som eg, tenaren din, gjera so store ting? Elisa svara: Herren hev late meg sjå i ei syn at du sit konge i Syria.
14So skildest dei åt, og Hasael gjekk heim til herren sin. Kongen spurde: Kva sa Elisa til deg? Han svara: Han sa at du skulde koma deg.
15Men dagen etter tok han eit åklæde og duppa det i vatn og breidde det yver andletet hans, so han døydde; og Hasael vart konge etter han.
16I femte året av Joram Akabssons kongedøme i Israel, medan Josafat endå vart konge i Juda, vart Joram Josafatsson konge i Judariket.
17Han var tvo og tretti år gamal då han tok styret, og sat konge i Jerusalem i åtte år.
18Han fylgde same vegen som Israels-kongane og for like eins åt som Akabs hus; for han hadde ei dotter åt Akab til kona, og han gjorde det som Herren mislika.
19Men for Davids skuld vilde Herren ikkje øyda ut Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at han alltid skulde lata ei lampa brenna for han og sønene hans.
20I hans tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
21Då drog Joram yver til Sa'ir med alle stridsvognene sine. Og han tok um natti og slo Edoms-mennene, som hadde kringsett han, og hovdingane yver vognheren; men folket rømde heim att.
22Soleis reiv Edom seg laus frå Juda, og sidan hev dei vore frie alt til denne dag. Den gongen - på same tidi - fall Libna ifrå.
23Det som elles er å segja um Joram og alt det han gjorde, det stend det skrive um i krønikeboki åt Juda-kongane.
24So for Joram til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsstaden. Akasja, son hans, vart konge etter han.
25Det var i tolvte året av Joram Akabssons kongedøme i Israel Akasja Joramsson vart konge i Judariket.
26Akasja var tvo og tjuge år gamal då han til styret, og sat eitt år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja og var dotter åt Omri, Israels-kongen.
27Han fylgde same vegen som Akabs hus og gjorde det som Herren mislika, liksom dei; for han var skyld Akabs hus.
28Saman med Joram Akabsson drog han ut og stridde mot Hasael, syrarkongen, ved Ramot i Gilead, og syrarane såra Joram.
29So for kong Joram heim att og gav seg til i Jisre'el, vilde få lækt dei såri som syrarane hadde gjeve han ved Rama då han stridde mot Hasael, syrarkongen. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre'el og vilde sjå um Joram Akabsson, sidan han låg sjuk.