2 Kings 10NO1938N

1Akab hadde sytti søner i Samaria. So skreiv då Jehu brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jisre'el - styresmennene - og til dei som Akab hadde sett til verjor for sønene sine, og i brevi stod:

2De hev sønene åt herren dykkar hjå dykk, og de råder yver vognene og hestane og ei sterk borg og våpni. Når no dette brevet kjem dykk i hender,

3so sjå dykk ut den beste og høveligaste av sønene åt herren dykkar og set han på kongsstolen åt far hans, og strid so for huset åt herren dykkar!

4Då vart dei fælande redde og sa: Dei tvo kongane kunde ikkje standa seg mot han; korleis kann då me?

5Og alle saman, både slottshovdingane og byhovdingane og styresmennene og verjone åt kongssønene, sende bod til Jehu med dei ordi: Me er dine tenarar, og alt det du segjer til oss, vil me gjera. Me tek ikkje nokon til konge. Gjer du det du sjølv tykkjer best!

6So skreiv han eit nytt brev til dei, og der stod: Held de med meg og vil lyda meg, so hogg hovudi av sønene åt herren dykkar og kom til meg i Jisre'el i morgon dette bel! Kongssønene, sytti i talet, budde hjå storfolket i byen, som fostra dei.

7Med same dei hadde fenge brevet, tok dei kongssønene og drap dei, alle sytti; so la dei hovudi deira i korger og sende dei til han i Jisre'el.

8Då han fekk bod um at dei var komne med hovudi av kongssønene, sa han: Legg dei i tvo haugar utfor porten til i morgon!

9Morgonen etter gjekk han ut og steig fram og sa til folket: De er saklause! Det var eg som fekk i stand samansverjingi mot herren min og drap han. Men kven hev slege i hel alle desse?

10No ser de at ikkje eit ord hev vorte um inkje av det som Herren tala mot Akabs hus. Herren hev gjort det som han let Elias, tenaren sin, varsla.

11Jehu slo i hel alle som var att av Akabs hus i Jisre'el, og alle stormennene og kjenningane og prestane hans; han sparde ingen og let ingen sleppa undan.

12So ferda han seg til og tok av stad til Samaria. Då han var på vegen dit og var komen til Bet-Eked-Haro'im,

13møtte han brørne åt Akasja, Juda-kongen. Han spurde dei: Kven er de? Dei svara: Me er brør åt Akasja; me er på veg ned og vil helsa på kongssønene og sønene åt kongsmori.

14Då ropa han: Tak dei levande! Og mennene hans tok dei og hogg dei ned innmed brunnen i Bet-Eked - dei var tvo og fyrti i talet; han sparde ikkje ein einaste av dei.

15Då han for derifrå, råka han på Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Han helsa og sa: Meiner du det likso ærleg med meg so eg med deg? Jonadab svara: Ja. Er det so [sa Jehu], so rett meg handi! Då han so rette han handi, drog Jehu han upp til seg i vogni

16og sa: Fylg meg, so skal du få sjå kor ihuga eg er for Herrens sak! So fekk han køyra med han i vogni.

17Då han kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Akabs ætt der i byen, og heldt ikkje upp fyrr han hadde gjort ende på heile ætti - etter det ordet som Herren hadde tala til Elias.

18Sidan stemnde Jehu saman alt folket og tala soleis til dei: Akab dyrka Ba'al lite, Jehu skal dyrka han mykje.

19Kalla no hit til meg alle profetane åt Ba'al og alle dei som dyrkar han, og prestane hans, ikkje ein må vanta! For eg etlar halda ein stor slaktofferfest for Ba'al; kven som vert sakna der, skal lata livet. - Det var ei list Jehu fann på, so han kunde få rudt ut Ba'als-dyrkarane.

20Sidan sa han: Lys ut ei heilag samlingshøgtid for Ba'al! So lyste dei ut ei sovori høgtid.

21Sjølv sende han bod kringum i heile Israel, og alle Ba'als-dyrkarane kom; det fanst ikkje EIN anna han kom. Dei gjekk inn i Ba'als-templet, og Ba'als-templet vart fullt frå ende til annan.

22So sa han til den mannen som hadde tilsyn med klædebui: Tak fram klædebunader åt alle Ba'als-dyrkarane! Og han henta fram bunadene åt dei.

23Sidan kom Jehu med Jonadab Rekabsson til Ba'als-templet og sa til Ba'als-dyrkarane: Sjå vel etter at det ikkje er nokon av Herrens tenarar med dykk her, anna berre Ba'als-dyrkarar!

24So gjekk dei inn og ofra slaktoffer og brennoffer. Men Jehu hadde sett åtti mann på vakt utanfor og sagt til dei: Slepp nokon undan av dei mennene som eg no gjev i hendene på dykk, skal de bøta med liv for liv.

25Då dei so hadde gjort frå seg brennoffer-blotingi, sa Jehu til drabantane og livvakti: Inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa ut! So hogg dei dei ned med kvasse sverdet og kasta dei ut - gjorde drabantane og livvakti - og gjekk til Ba'als-tempelbyen.

26Dei bar ut sulone i Ba'als-templet og brende dei upp

27og reiv ned Ba'als-sula; sjølve Ba'als-templet reiv dei og ned og laga det um til naudturftstader, som finst der den dag i dag.

28Soleis var det Jehu rudde ut Ba'al or Israel.

29Men dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fenge Israel til å gjera, gav han ikkje upp; han heldt ved og dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30Og Herren sa til Jehu: Etter di du hev gjort til gagns det som rett var i mine augo, og i alle måtar hev fare soleis med Akabs hus som eg vilde, so skal etterkomarane dine sitja på Israels kongestol til fjorde leden.

31Men Jehu la ikkje vinn på å fara fram av alt sitt hjarta etter den lovi som Herren, Israels Gud, hadde sett; han gav ikkje upp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fenge Israel til å gjera.

32På den tidi tok Herren til å skjera stykke ut or Israel. Hasael vann yver dei langs heile Israels landskil

33og tok på austsida av Jordan heile Gileadlandet, Gads-ætti og Rubens-ætti og Manasse-ætti, alt i frå Aroer ved Arnonåi, både Gilead og Basan.

34Det som meir er å segja um Jehu, alt det han gjorde og alle storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

35So for Jehu til federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joakas, son hans, vart konge etter han.

36Den tidi Jehu sat konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.