1So tok heile Juda-folket og gjorde Ussias, som då var sekstan år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
2Han vann Elot att åt Judariket og bygde byen um til ei borg, etter kongen var faren til federne sine.
3Ussia var sekstan år gamal då han tok styret, og sat tvo og femti år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jekilja og var frå Jerusalem.
4Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heiltupp soleis som Amasja, far hans, hadde gjort.
5Han heldt ved og søkte Gud so lenge Sakarja levde, han som skyna seg på Guds syner; og so lenge han søkte Herren, let Gud allting lukkast for han.
6Han drog i herferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat og Jabne og Asdod; sidan bygde han byar i Asdodbygdi og andre stader i Filistarlandet.
7Gud hjelpte han mot filistarane og mot dei arabarane som budde i Gur-Ba'al og mot me'unitane.
8Ammonitane kom med gåvor til Ussias, og namnet hans nådde alt burtåt Egyptarland; for han vann ovende stort velde.
9Ussia bygde tårn i Jerusalem, både ved Hyrneporten og ved Dalporten og ved Vinkelen og gjorde soleis desse stadene faste og sterke.
10I øydemarki og bygde han tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje bufe både i låglandet og på høgsletta, og han heldt mykje arbeidsfolk som dyrka åkrane eller vyrdsla vintrei på fjelli og i hagane; for jordbruket åtte hugen hans.
11Ussia hadde ein stridsbudd her, som drog i herferd i flokkar, og som Je'uel, riksskrivaren, og Ma'aseja, tilsynsmannen, hadde mynstra og talt under tilsyn av Hananja, ein av hovdingane åt kongen.
12Dei herkjempone som var ættehovdingar, var i alt tvo tusund og seks hundrad i talet.
13Under dei stod det ei hermakt på tri hundrad og sju tusund og fem hundrad mann, som gjekk i striden med hug og dug og hjelpte kongen mot fienden.
14Heile denne heren budde Ussias ut med skjoldar og spjot og hjelmar og brynjor og bogar og slyngjesteinar.
15I Jerusalem let han laga kunstig uttenkte krigsmaskinor, som skulde standa på tårni og murhyrno og skjota ut piler og store steinar. Og namnet hans nådde vida ikring; for han fekk underfull hjelp, so makti hans vart stor.
16Men då han hadde fenge slik makt, vart hjarta hans so fullt av ovmod at han forsynda seg; han var ulydig mot Herren sin Gud og gjekk inn i Herrens heilagdom, vilde brenna røykjelse på røykofferaltaret.
17Men Asarja, presten, gjekk inn etter han og hadde med seg åtti av Herrens prestar, uredde menner.
18Dei steig fram imot kong Ussias og sa til han: Du hev ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussias; det hev berre prestane, Arons-sønene, dei som er vigde til det. Gakk ut or heilagdomen! For du hev vore ulydig, og det vert ikkje til æra for deg hjå Herren din Gud.
19Då vart Ussia vreid. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handi og skulde til å brenna røykjelse; men i det same han slepte vreiden laus mot prestane, braut spillsykja ut på panna hans, som han stod der framfor prestane i Herrens hus, innmed røykofferaltaret.
20Og då Asarja, øvstepresten, og alle hine prestane snudde seg mot han, såg dei at han var spillsjuk på panna. Då dreiv dei han burt med ein gong, og sjølv skunda han seg og å koma ut, av di Herren hadde råma han so hardt.
21Sidan var Ussias spillsjuk alt til sin døyande dag. Han budde i eit hus for seg sjølv som andre spillsjuke; for han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod fyre huset åt kongen og styrde landslyden.
22Det som elles er å segja um Ussia, både i hans fyrste og i hans seinare tid, det hev Esaias Amosson, profeten skrive upp.
23So for Ussias til federne sine, og dei gravla han hjå federne hans på den gravmarki som høyrde kongane til; for dei sa: Han er spillsjuk. Jotam, son hans, vart konge etter han.