2 Chronicles 25NO1938N

1Amasja var fem og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat konge i Jerusalem i ni og tjuge år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta.

3So snart han hadde fenge kongedømet fast i si hand, let han drepe dei hirdmennene som hadde slege i hel kongen, far hans.

4Men borni deira tok han ikkje livet av - han heldt seg etter det som stend skrive i lovi - i Moseboki - der Herren hev gjeve dette påbodet: Foreldri skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og borni ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sine eigne brot.

5Sidan stemnde Amasja Juda-mennene i hop og skipa dei i flokkar etter ættgreinene deira under tusundhovdingane og hundradhovdingane i heile Juda og Benjamin. Han mynstra dei, so mange som var tjuge år eller meir, og såg då at det var tri hundrad tusund utvalde stridsføre hermenner, væpna med spjot og skjold.

6Dessutan leigde han i Israel hundrad tusund djerve stridsmenner for hundrad talent sylv.

7Då kom ein gudsmann til han og sa: Lat ikkje Israels-heren draga med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel - ikkje med nokon av Efra'ims-borni.

8Men drag du i veg - gjer det og gakk hugheil i striden! Elles vil Gud lata deg falla for fienden. For Gud hev makt både til å hjelpa og til å fella.

9Amasja spurde gudsmannen: Men kva vert det då av dei hundrad talenti som eg hev gjeve herflokken frå Israel? Gudsmannen svara: Herren er god til å gjeva deg meir enn det.

10Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Efra'im, og let dei fara heim att. Men dei vart ovende harme på Juda-mennene og snudde heimetter, harme i hugen.

11Amasja tok mod til seg og drog av stad med herfolket sitt; han for til Saltdalen; der vann han på Se'irs-borni og felte ti tusund mann;

12andre ti tusund hertok Juda-mennene levande og dreiv dei upp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, so dei vart sundslegne alle saman.

13Dei som høyrde til den herflokken Amasja hadde sendt heim att, so dei ikkje fekk fylgja han på herferdi, dei kom alt ifrå Samaria og til Bet-Horon og herja på Judabyane; dei hogg ned tri tusund mann der og tok mykje herfang.

14Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomitane, førde han med seg gudane åt Se'irs-borni; han sette dei upp hjå seg sjølv og hadde dei til gudar - kasta seg ned for dei og brende røykjelse for dei.

15Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet til han, som sa til han: Kvifor søkjer du gudane åt dette folket, dei som ikkje hev berga sitt eige folk or di hand?

16Men då profeten tala soleis til Amasja, sa han: Hev me sett deg til rådgjevar for kongen? Haldt upp med dette! Elles kunde det henda du vart ihelslegen. Då heldt profeten upp og sa: Eg veit at Gud hev rådt seg til å tyna deg, sidan du hev gjort dette og ikkje høyrt på rådi mi.

17Men Amasja, Juda-kongen, heldt råd og sende so bod til Joas, Israels-kongen, son åt Joakas Jehuson, med dei ordi: Kom, lat oss røyna kvarandre!

18Då sende Joas, Israels-kongen, bod attende til Amasja, Juda-kongen: Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen på Libanon og let segja: Lat son min få dotter di til kona! Men villdyri på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.

19Du tenkjer: Sjå korleis eg hev slege Edom! Og dermed hev ovmodet teke deg, so du vil vinna endå meir æra. Sit heller heime no! Kvi vil du bjoda ut ulukka? Du kjem berre til å rjuka, og Judariket med deg.

20Men Amasja vilde ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det so; han vilde lata dei falla i fiendehand, for di dei hadde søkt Edom-gudane.

21So drog Joas, Israels-kongen, ut, og dei kom i kast med kvarandre, han og Amasja, Juda-kongen, ved Bet-Semes, som høyrer til Judariket.

22Då tapte Juda-mennene Israel og rømde kvar til sin heim.

23Joas, Israels-kongen, fanga Amasja, Juda-kongen, son åt Joas Joakasson, ved Bet-Semes og førde han til Jerusalem. Der reiv han ned bymuren frå Efra'imsporten til Hyrneporten, eit stykke på fire hundrad alner.

24Og han tok alt gullet og sylvet og alle eignelutane som fanst i Guds hus hjå Obed-Edom, og skattane i kongsgarden; gislane tok han og med seg. So for han heim att til Samaria.

25Amasja Joasson, Juda-kongen, levde endå femtan år etter at Joas Joakasson, Israels-kongen, var avliden.

26Det som meir er å segja um Amasja, både i hans fyrste og i hans seinare tid, det stend skrive i boki um Juda- og Israels-kongane.

27Frå den tid då Amasja fall ifrå Herren, skipa dei ei samansverjing mot han i Jerusalem. Han rømde til Lakis; men det vart sendt folk etter han, og tok livet av han der.

28So køyrde dei han derifrå med hestar og gravla han hjå federne i Judastaden.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.