2 Chronicles 27NO1938N

1Jotam var fem og tjuge år gamal då han tok kongsmann, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa og var dotter åt Sadok.

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for i alle måtar åt som Ussias, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens heilagdom. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.

3Det var han som bygde øvre porten til Herrens hus, og på Ofelmuren bygde han og so det munna.

4Han bygde upp byar i Judafjelli og i skogane bygde han borger og tårn.

5Han stridde mot Ammons-borni og kongen deira og vann yver dei, so at Ammons-borni det året laut gjeva han hundrad talent sylv og ti tusund kor kveite og ti tusund kor bygg; og same skatten laut dei svara andre og tridje året og.

6Soleis vann Jotam stor makt, av di han stendigt ferdast for åsyni åt Herren sin Gud.

7Det som meir er å segja um Jotam, um alle krigane hans og alt han tok seg fyre, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane.

8Han var fem og tjuge år gamal då han tok kongsnamn, og sat sekstan år konge i Jerusalem.

9So for Jotam til federne sine, og dei gravla han i Davidsstaden, og Akas, son hans, vart konge etter han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.