1Då kalla Salomo styresmennene i Israel og fylkeshovdingane - fyrstane i ættgreinene åt Israels-borni - i hop hjå seg i Jerusalem; dei skulde henta Herrens paktkista upp frå Davidsbyen - det er Sion.
2Og alle Israels menner samla seg hjå kong Salomo i helgi i månaden etanim - det er sjuande månaden i året.
3Då alle styresmennene i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkista
4og bar henne upp. So vart og gjort med møtetjeldet og alle dei heilage gognene som var i tjeldet; det var prestane og levitane som bar dei upp.
5Og kong Salomo med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han, stod framfor kista; og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen var god til å telja eller rekna dei.
6So bar prestane Herrens paktkista inn på staden ho skulde stå, i tempelkoret, i det høgheilage romet, under kjerubvengene.
7For kjerubane breidde ut vengene sine yver den staden der kista stod, so dei tekte både yver kista og yver stengene hennar.
8Stengene var so lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framanfor koret, men ikkje lenger ute. Der hev dei vore til denne dag.
9I kista fanst det ikkje anna enn dei tvo steintavlone som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med Israels-borni då dei drog ut or Egyptarland.
10So hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, då fyllte skyi Herrens hus.
11Og prestane kunde ikkje standa og gjera tenesta for skyi skuld; for Herrens herlegdom Herrens hus.
12Då sa Salomo: Herren hev sagt at han vil bu i skoddemyrkret.
13Bygt hev eg no eit hus til bustad for deg, ein stad der du kann bu til æveleg tid.
14So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden medan heile Israels-lyden stod.
15Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, han som med sin hand hev fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:
16I den tidi som hev gjenge sidan eg henta Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by i noko av Israelsfylki soleis at der skulde byggjast eit hus til bustad for namnet mitt; men eg valde David til å råda yver Israel, folket mitt.
17Og David, far min, tenkte på å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
18Men Herren sa til David, far min: Når du hev tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, so hev du gjort vel i det;
19men du skal ikkje byggja huset; son din, ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.
20Og Herren heldt ordet sitt, og eg hev stige upp i romet etter David, far min, og sett meg i Israels kongsstol, soleis Herren hadde lova, og so hev eg bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
21Og der hev eg stelt til eit rom for den kista som gøymer Herrens pakt, den pakti som han gjorde med federne våre då han førde dei ut or Egyptarlandet.
22So steig Salomo fram for Herrens altar midt for augo på heile Israels-lyden, og breidde ut hendene mot himmelen
23og sa: Herre, Israels Gud! Det er ingen Gud som du, korkje i himmelen der uppe eller på jordi her nede. Du held di pakt med tenarane dine og held di miskunn mot dei ved lag, når dei ferdast for di åsyn av alt sitt hjarta.
24Du hev halde det du lova David, far min, tenaren din, du lova det med din munn og fullførde det med di hand, soleis som det syner seg i dag.
25So haldt då, Herre, Israels Gud, det du lova David, far min, tenaren din, då du sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mi åsyn, so sant sønene dine aktar på vegen sin og ferdast for mi åsyn, som du hev gjort.
26So høyr meg no, Israels Gud, og lat dei sannast dei ordi som du tala til David, far min, han som var tenaren din!
27Men er det no i røyndi so at Gud verkeleg bur på jordi? Sjå himlane og himle-himlane, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg hev bygt!
28Like vel vil du visst venda deg til bøni åt tenaren din og til hans audmjuke ynske, Herre, min Gud, du vil visst høyra på det ropet og den bøni som tenaren din ber fram for di åsyn i dag,
29og lata augo dine vera opne mot dette huset natt og dag - den staden som du sa det um: Namnet mitt skal bu der - so du høyrer på den bøni som tenaren din ber fram med augo vende mot denne staden!
30Du vil visst høyra dei hjartesukkane som tenaren din og Israel, folket ditt, sender hit til denne staden; du vil høyra dei på den staden du bur - i himmelen; du vil høyra og tilgjeva.
31Når nokon syndar mot næsten sin, og dei tek ein eid av han og let han sverja, og han so kjem inn og gjer eiden framfor altaret ditt i dette huset,
32so vil du høyra det i himmelen, og du vil taka frami og hjelpa tenarane dine so dei fær retten sin - du vil segja den skuldige saka og lata åtferdi hans koma att på hans eige hovud, og du vil frikjenna den rettferdige, og lat han få det han er verdt for rettferdi si.
33Når Israel, folket ditt, taper i striden og lyt røma for fienden for di dei syndar mot deg, men dei so vender um til deg og vedkjennest namnet ditt og bed til deg og tiggar deg um nåde i dette huset,
34so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, syndi deira og føra dei attende til det landet du hev gjeve federne deira.
35Når himmelen vert stengd, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar mot deg, men dei so vender seg mot denne staden og bed og vedkjennest namnet ditt og vender um frå syndi si, av di du gjer dei mjuke,
36so vil du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for di du lærer dei den gode vegen dei skal ganga etter, og so vil du senda regn yver landet ditt, det landet som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
37Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust på kornet, grashoppar og gnagarar, når fienden kjem inn i landet og kringset byane deira, kva slag ulukka eller sjukdom som kjem -
38og kvar gong då eit menneske eller heile folket ditt, Israel, ber fram ei bøn eller eit audmjukt ynske, for di dei kjenner styngen i samvitet sitt, og rettar ut hendene mot dette huset,
39so vil du høyra det i himmelen, der du bur, og du vil tilgjeva og taka frami og lata kvar mann få att etter åtferdi si, du som kjenner hjarta hans - for det er berre du som kjenner hjarto åt alle manneborn -
40so dei må ottast deg so lenge dei lever i det landet du hev gjeve federne våre.
41Um det so er ein framand, ein som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte for namnet ditt skuld
42- for dei fær nok spurt ordet um ditt store namn og di sterke hand og din strake arm og ber fram bønene sine medan dei vender augo mot dette huset,
43so vil du høyra det i himmelen, der du bur, og gjera alt det den framande ropar til deg um, so namnet ditt må verta kunnigt for alle folk på jordi, og dei må ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skyna at det er ditt namn som vert nemnt yver dette huset som eg hev bygt.
44Når folket ditt fer i herferd mot fienden sin den vegen du sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den staden du hev valt ut, og mot det huset som eg hev bygt for namnet ditt,
45so vil du i himmelen høyra bøni og det audmjuke ynsket deira og laga det so at dei fær sin rett.
46Når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar - og du vert harm på dei og let fienden få vinna på dei, so han hertek dei og fører dei burt til fiendelandet, anten det no er langt undan eller tett innmed,
47men dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og gjer bot og bed deg um nåde i landet åt dei som held dei fanga, og segjer: Me hev synda og fare stygt åt, me hev vore gudlause,
48og dei vender um til deg av alt sitt hjarta og all si hug i fiendelandet, hjå dei som førde dei burt, og bed til deg med augo vende mot landet sitt, det som du gav federne deira, og mot den byen du hev valt ut, og det huset som eg hev bygt for namnet ditt,
49so vil du i himmelen der du bur, høyra bøni og det audmjuke ynske deira, og laga det so at dei fær retten sin,
50og tilgjeva folket ditt alle syndene og misgjerningane dei hev gjort mot deg, og lata dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, so dei gjer sælebot på dei.
51Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førde ut or Egyptarland, midt ut or jarnomnen.
52Lat då augo dine vera opne for dei audmjuke ynski som stig upp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, so du høyrer på dei kvar gong dei ropar til deg.
53For du hev sjølv skilt dei ut frå alle folk på jordi, so dei skal vera din eigedom, soleis som du let Moses, tenaren din, segja då du førde federne våre ut or Egyptarland, Herre, Herre!
54Medan Salomo bar fram for Herren denne bøni og dette audmjuke ynsket, låg han heile tidi på kne framfor Herrens altar med hendene utbreidde mot himmelen. Då han hadde enda bøni si, reis han upp
55og steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa:
56Lova vere Herren, som hev gjeve Israel, folket sitt, ro, so som han lova. Ikkje eitt ord hev vorte um inkje av alt det gode han let Moses, tenaren sin, lova oss.
57Gjev Herren vår Gud må vera med oss, som han var med federne våre! Gjev han aldri må sleppa oss og aldri støyta oss ifrå seg,
58men bøygja hjarta vårt til seg, so me allstødt gjeng på hans vegar og held dei bodi og fyresegnene og lover som han gav federne våre.
59Og gjev denne bøni som eg audmjukt hev bore fram for Herrens åsyn, må vera Herren vår Gud nær dag og natt, so han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag.
60Då skal alle folk på jordi skyna at Herren er Gud, han og ingen annan.
61Og gjev hjarta dykkar må vera heilt hjå Herren vår Gud, so de ferdast etter hans lover og held hans bod, som de gjer i dag.
62Sidan bar kongen og heile Israel med han fram slaktoffer for Herrens åsyn.
63Det takkofferet som Salomo då bar fram for Herren, var tvo og tjuge tusund naut og hundrad og tjuge tusund sauer. Soleis var det Salomo og alle Israels-borni vigsla Herrens hus.
64Same dagen helga kongen midluten av fyregarden framanfor Herrens hus; for der bar han fram brennofferet og matofferet og feittstykki av takkofferi, av di koparaltaret som stod framfor Herrens åsyn, var for lite til å røma brennofferet og matofferet og feittstykki av takkofferi.
65Soleis høgtida Salomo den gongen helgi, og saman med han ein stor festlyd frå heile Israelslandet, alt ifrå Hamatvegen og til Egyptarlands-bekken; i sju dagar og sju dagar til - i alt fjortan dagar - høgtida dei helgi for åsyni åt Herren vår Gud.
66Den åttande dagen bad han farvel med folket, og dei helsa kongen og for til heimane sine, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og mot Israel, folket sitt.