1Sitt eige hus bygde Salomo på i trettan år fyrr han fekk det heilt ferdigt.
2Fyrst bygde han Libanonskoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader sederstolpar og med sederbjelkar uppå stolpane.
3Kovane som kvilde på stolpane, var fem og fyrti i talet, femtan for kvar rad, og uppyver dei var det ein himling av sedertre.
4Der var tri rader bjelkelag og vindauga mot vindauga i tri høgder.
5Alle dørene og dørstolpane var firkanta, av bjelkar, og snudde beint imot vindaug-radi, i alle tri høgdene.
6So laga han sulehalli, femti alner lang og tretti alner breid; framanfor henne var det ei forhall med sulor, og framanfor den att ein troppegang.
7Sidan laga han tronhalli, der han sat og dømde, domshalli; ho var klædd med sederbord frå eine enden av golvet til hin.
8Hans eige hus, det som han budde i, og som låg i andre tunet innanfor forhalli, var bygt på same vis. Og for dotter åt Farao, som Salomo hadde teke til kona, bygde han og eit hus som liktest den forhalli.
9Alt dette, heilt ifrå grunne og upp til murkransen og frå utkanten av borgi og inn til det store tunet, var bygt av kostesame steinar, som var hogne etter mål og var skorne med steinsag både innvendes og utvendes.
10Grunnmuren var av kostesame og store steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.
11Og ovanpå der var det og kostesame steinar, hogne etter mål, og sederbjelkar.
12Rundt ikring det store tunet var det tri lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Soleis var det og med den indre fyregarden til Herrens hus og med forhalli i kongshuset.
13Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus.
14Hiram var son åt ei enkja av Naftali-ætti; og far hans åtte heime i Tyrus og var koparsmed. Sjølv var han fyllt med visdom og vit og kunnskap, so han kunne gjera allslags arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen vilde ha gjort.
15Han laga dei tvo koparsulone. Den eine sula var attan alner høg, og ein tråd på tolv alner nådde rundt um den andre sula.
16So gjorde han tvo sulehovud til å setja på toppen av sulone; dei var støypte av kopar, og kvart sulehovud var fem alner høgt.
17På sulehovudi var det liksom nokre net eller flettingar - snorer som var laga som kjedor - sju på kvart sulehovud.
18Og han gjorde tvo rader med granateple rundt ikring på det eine av neti som skulde hylja sulehovudi, og soleis gjorde han og med det andre sulehovudet.
19Sulehovudi var på skap som liljor, liksom i forhalli, fire alner uppetter.
20På båe sulone var det sulehovud, ovanfor og, tett innmed den kuven som var på hin sida av fletteverket. Granatepli var tvo hundrad i talet og hekk i rader rundt ikring på det andre sulehovudet.
21So sette han upp sulone innmed forhalli åt templet; den sula som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på vinstre sida, kalla han Boas.
22I øvste enden var sulone på skap som liljor. So var arbeidet med sulone fullført.
23Sidan laga han det støypte havet; det var ti alner frå trøm til trøm og var heiltupp rundt og fem alner høgt; ei snor på tretti alner nådde rundt um det.
24Nedanfor trømen var det kolokvintar rundt ikring, ti på kvar aln. Tvo rader med kolokvintar var det på havet, og dei var samstøypte med det.
25Havet stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri mot vest, tri mot sud, tri mot aust, og alle vende deg bakluten innetter. Det var dei havet kvilde på.
26Sjølve kjeret var ei handbreidd tjukt, og trømen på det var laga som trømen på eit staup, liksom ein liljeblom. Det tok tvo tusund bat.
27So gjorde han dei ti kopar-fotstykki; kvart av dei var fire alner langt og fire alner breidt og tri alner høgt.
28No skal de høyra korleis dei fotstykki var laga: Det var fyllingar på dei - fyllingar millom kantlistene.
29På fyllingane millom kantlistene var det løvor uksar og kjerubar, og uppyver kantlistene var det eit underlag, og nedunder løvone og uksane var det lauvverk som hekk nedetter.
30Kvart fotstykke hadde fire koparhjul og åsar av kopar, og på dei fire føtene var det berearmar; dei var støypte på under balja; på kvart av dei var det lauvverk på den andre sida.
31Opningi på henne var innanfor krunestykket og uppetter ei aln høg; opningi i det var rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det biletverk; men sidefyllingane firkanta, ikkje runde.
32Dei fire hjuli sat under fyllingane, og hjultappane sat på sjølve fotstykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.
33Dei var på gjerd som eit vanleg vognhjul, desse hjuli; tappane og ringane og eikone og navi - alt saman var støypt.
34På dei fire hyrno av kvart fotstykke var det fire berearmar, og dei var i eitt med fotstykket.
35Øvst på fotstykket var det ein kuv, som var ei halv aln høg og heiltupp rund; det var og handtaki og fyllingane - dei var i eitt med det.
36På flatsida av handtaki og på fyllingane skar han ut kjerubar og løvor og palmor, etter som det var rom til på kvar av dei, og lauvverk rundt ikring.
37Soleis var dei ti fotstykki han gjorde; dei var alle støypte på same vis og hadde eins mål og eins skap.
38So gjorde han ti koparbaljor; kvar balja tok fyrti bat og var fire alner i tverrmål; det var ei balja på kvart av dei ti fotstykki.
39Fem av fotstykki sette han på høgre sida av huset og fem på vinstre sida; koparhavet sette han på høgre sida av huset, mot sudaust.
40So gjorde han oskefati og eldskuflene og blodbollane. No hadde Hiram fullført alt det arbeidet han skulde gjera for kong Salomo til Herrens hus; det var:
41tvo sulor med dei tvo kvelvde skålene på sulehovudi på toppen av sulone, og dei tvo neti som skulde hylja desse tvo skålene,
42dei fire hundrad granatepli på dei tvo neti me hev nemnt - tvo rader med granateple på kvart net -
43dei ti fotstykki med dei ti baljone på,
44og koparhavet med dei tolv uksane under,
45og oskefati og eldskuflene og blodbollane. Alt desse ting som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar.
46Det var på Jordansletta kongen fekk dei støypte, i leirgrunnen millom Sukkot og Sartan.
47Salomo let alle desse tingi vera uvegne, av di det var slik ei ovmengd; det vart ikkje røkt etter kor mykje koparen vog.
48So let Salomo gjera alt hitt som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrødi skulde liggja på;
49og ljosestakane, som stod framanfor koret, fem på høgre sida og fem på vinstre sida, og var av fint gull - med blomane på dei og lampone og ljosesaksene av gull,
50og fati og knivane og blodbollane og røykjelsesskålene og glodpannone, alt av fint gull; like eins gullgjengi på dørene åt inste romet i huset - det høgheilage romet - og dørene åt det fremste romet i huset - det heilage romet.
51Då det no var fullført alt det arbeidet kong Salomo let gjera for Herrens hus, flutte han dit det som David, far hans, hadde helga til Herren, både sylvet og gullet og alt hitt, og la det ned i skattkammeri i Herrens hus.