1 Kings 9NO1938N

1Då Salomo hadde fullført byggverki sine, både Herrens hus og kongshuset og alt anna han ynskte seg og hadde hug til å gjera,

2då synte Herren seg for han andre gongen, soleis som han hadde synt seg for han i Gibeon.

3Og Herren sa til han: Eg hev høyrt den bøni og det audmjuke ynsket som du bar fram for mi åsyn. Eg hev helga dette huset som du hev bygt; eg skal lata namnet mitt bu der i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.

4Ferdast du no for mi åsyn, som David, far din, gjorde, i hjartans reinleik og i ærlegdom - gjer du alt eg hev sagt deg, og held du bodi og lovene mine,

5so skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til æveleg tid, soleis som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.

6Men vender de dykk burt frå meg, de og borni dykkar, og held de ikkje dei bodi og lovene eg hev lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og tilbeda dei,

7då vil eg rydja Israel ut or det landet eg gav dei; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja burt ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.

8Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kven som gjeng framum, fæla og spotta; og når nokon spør kvifor Herren hev fare so med dette landet og dette huset,

9so skal folk svara: For di dei vende seg burt frå Herren sin Gud, han som førde federne deira ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar og tilbad dei og dyrka dei, difor hev Herren ført all denne ulukka yver dei.

10Då no dei tjuge åri var lidne som Salomo hadde bygt på dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset,

11gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjuge byar i Galilea; for Hiram hadde hjelpt Salomo med sedertre og cypresstre og gull, so mykje han vilde hava.

12Men då Hiram kom frå Tyrus og skulde sjå på dei byane han hadde fenge av Salomo, lika han dei ikkje.

13Han sa: Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror? Og han kalla dei Kabulslandet, og det hev vore namnet deira til denne dag.

14Hiram hadde sendt kongen hundrad og tjuge talent gull.

15No skal de få høyra korleis det hadde seg med det arbeidsfolket som kong Salomo tok ut til å byggja Herrens hus og sitt eige hus og Millo og murane kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:

16Farao, kongen i Egyptarland, hadde gjort ei herferd og teke Geser og brent byen; kana'anitane som budde der, hadde han drepe, og byen hadde han gjeve dotter si, kona åt Salomo, heimanfylgja;

17sidan bygde Salomo Geser upp att, og like eins bygde han Nedre Bet-Horon,

18og Ba'alat og Tadmor i øydemarki som høyrer til det landet,

19og alle dei byane han hadde sine vareupplag i, og dei byane som stridsvognene og hestfolket var i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, båd' i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde yver.

20Alle som var att av amoritane, hetitane, ferisitane, hevitane og jebusitane, folk som ikkje var av Israels ætt -

21etterkomarane etter desse folki, so mange som endå var att i landet, med di Israels-borni ikkje hadde vore god til å bannstøyta dei, dei var det Salomo tok ut til arbeidsfolk og gjorde til trælar, og det hev dei vore til denne dag.

22Men av Israels-borni sette han ikkje nokon til å gjera trælearbeid; dei var hermennene hans og tenarane og hovdingane og drabantane hans og hovdingar yver stridsvognene og hestfolket hans.

23Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundrad og femti i talet; dei hadde rådvelde yver det folket som gjorde arbeidet.

24Med same dotter åt Farao hadde flutt upp frå Davidsstaden til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i veg med å byggja Millo.

25Tri gonger um året bar Salomo fram brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn og hadde no huset ferdigt.

26Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber, som ligg innmed Elot, på Raudehavs-strandi, i Edomslandet.

27På dei skipi sende Hiram røynde sjømenner av folki i lag med folki åt Salomo.

28Dei for til Ofir og henta gull der, fire hundrad og tjuge talent, og hadde det heim til kong Salomo.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.