1 Kings 22NO1938N

1No heldt dei seg i ro i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel i den tidi.

2Men tridje året bar det seg so at Josafat, kongen i Judariket, for ned til Israels-kongen.

3Då sa Israels-kongen til mennene sine: Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og so sit me i ro og tek ikkje byen frå syrarkongen!

4Og til Josafat sa han: Vil du vera med meg på ei herferd mot Ramot i Gilead? Josafat svara: Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.

5Men han la til: Spør like vel fyrst kva Herren segjer!

6Då kalla Israels-kongen saman profetane, um lag fire hundrad mann, og spurde dei: Skal eg fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera? Dei svara: Far du! Herren vil gjeva byen i hendene dine, konge.

7Men Josafat sa: Er det ingen annan av Herrens profetar her som me kunde få til å spyrja Herren?

8Israels-kongen svara: Det finst endå ein mann - Mika Jimlason heiter han - som me kunde få til å spyrja Herren, men eg likar han ikkje; for han spår meg aldri noko godt - berre vondt. Josafat sa: Slikt skulde ikkje kongen segja!

9Då ropa Israels-kongen på ein av hirdmennene og sa: Henta Mika Jimlason! Ver snøgg!

10Medan sat Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, klædde i skrudi sine, på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten til Samaria, og alle profetane stod framfyre dei og sa fram spådomane sine.

11Sedekias, son åt Kena'ana, hadde gjort seg horn av jarn og sa: Med desse skal du stanga syrarane til du fær gjort ende på dei.

12Og alle hine profetane spådde like eins og sa: Far upp mot Ramot i Gilead! Du kjem til å hava lukka med deg, og Herren skal gjeva byen i hendene dine, konge.

13Ærendsveinen som hadde gjenge av stad og skulde henta Mika, sa til han: Dei andre profetane spår alle som ein at det skal ganga kongen vel. Kjære, lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du og!

14Men Mika svara: So visst som Herren lever: Eg talar ikkje anna enn det Herren segjer til meg.

15Då han kom fram, sa kongen til han: Mika, skal me fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera? Han svara: Far du! Du kjem til å hava lukka med deg, og Herren vil gjeva byen i hendene dine, konge.

16Men kongen sa til han: Kor mange gonger lyt eg naudbeda at du ikkje skal segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?

17Då sa Mika: Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli liksom ein hyrdinglaus saueflokk utan gjætar; og Herren sa: Dei der hev ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!

18Israels-kongen sa til Josafat: Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt - berre vondt?

19Mika sa: So høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelheren stod kringum han, sume på høgre og sume på vinstre sida.

20Og Herren sa: Kven vil dåra Akab, so han gjer ei herferd til Ramot i Gilead og fær sin bane der? Ein svara so og ein annan so.

21Då kom åndi fram, stod framfor Herren og sa: Eg skal dåra han. Herren spurde: Korleis?

22Åndi svara: Eg vil fara ut og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans. Då sa Herren: Ja, du kann få dåra han, og det skal lukkast for deg og; far ut og gjer so!

23Sjå no hev Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine; men sjølv hev han varsla deg ei ulukke.

24Då kom Sedekias, son åt Kena'ana, innåt. Han slo Mika på kinni og sa: Kva veg hev Herrens Ande fare frå meg for å tala med deg?

25Mika svara: Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ei gøymsla.

26Då sa Israels-kongen: Tak Mika og før han burt att - til Amon, byhovdingen og Joas, kongssonen,

27og seg: So segjer kongen: Set denne mannen i fangehuset og lat han leva på fangekost til eg kjem heim att med heilo!

28Mika sa: Skulde det henda at du kjem uskadd heim att med heilo, so hev ikkje Herren tala gjenom meg. Og so sa han: Høyr dette, de folk, alle saman!

29So drog Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp mot Ramot i Gilead.

30Og Israels-kongen sa til Josafat: Eg vil skifta klædebunad, so ingen kjenner meg, og so gjeva meg ut i striden; men du kann hava på deg den vanlege bunaden din. So klædde han seg ut, Israels-kongen, og drog ut i striden.

31Men syrarkongen hadde sagt til dei tvo og tretti hovdingane for vognheren sin: De skal ikkje taka på nokon, anten liten eller stor, anna berre på Israels-kongen.

32Som no hovdingane såg Josafat, tenkte dei det laut vera Israels-kongen, og so stemnde dei dit han var, og vilde taka på han. Då sette Josafat i eit høgt rop,

33og då vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå han att.

34Medan dette stod på, var det ein mann som spente bogen og skaut på måfå og råka Israels-kongen millom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: Snu og køyr meg ut or heren! Eg er såra.

35Men striden auka på den dagen, og dei heldt kongen upprett i vogni midt imot syrarane; men um kvelden døydde han, og blodet or såret rann ned i vogni.

36Soleglads bel gjekk det ropet gjenom lægret: Kvar mann heim til sin by og sitt land!

37So døydde kongen, og vart førd til Samaria, og der gravla dei kongen.

38Men då dei skylde vogni ved Samariadammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjone lauga seg der. Soleis vart det sanna det ordet som Herren hadde tala.

39Det som meir er å segja um Akab og alt det han gjorde, um flisbeinshuset han bygde, og alle byane han bygde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

40So for Akab til federne sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

41I fjorde året av Akabs kongedøme i Israelsriket vart Josafat Asason, konge i Judariket.

42Josafat var fem og tretti år gamal då han tok styret, og han sat fem og tjuge år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Asuba og var dotter åt Silhi.

43Han heldt seg i eitt og alt etter same vegen som Asa, far hans hadde fylgt; den veik han aldri utav, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

44Det einaste som vanta, var at offerhaugane ikkje vart nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane.

45Josafat heldt fred med Israels-kongen.

46Det som meir er å segja um Josafat og dei storverki han gjorde, og um herferdene hans, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

47Han rudde skjøkjesveinane ut or landet og, so mange som var att frå den tid Asa, far hans, levde.

48Det var ingen konge i Edom då; ein jarl stod for styret der.

49Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde ganga til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste utmed Esjon-Geber.

50Sidan sa Akasja Akabsson til Josafat: Lat mine folk fara med dine på skipi! Men Josafat vilde ikkje.

51So for Josafat til federne sine og vart gravlagd i hjå federne Davidsstaden, byen åt ættefaren hans. Joram, son hans, vart konge etter han.

52I det syttande året av Josafats kongedøme i Judariket vart Akasja Akabsson, konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde yver Israelsriket i tvo år.

53Han gjorde det som Herren mislika, og for fram etter same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54Han dyrka Ba'al og tilbad han og harma Herren, Israels Gud, heiltupp soleis som far hans hadde gjort.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.