2 Kings 1NO1938N

1Etter Akab var avliden, sa Moab seg laus frå Israel.

2Ein dag datt Akasja ut gjenom grindi som var framanfor vindauga i høgstova hans i Samaria, og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menner av stad og sa til dei: Gakk og spør Ba'al-Sebub, Ekron-guden, um eg skal koma meg av denne sjukdomen!

3Men Herrens engel tala so til Elias frå Tisbe: Gjer deg reidug og gakk til møtes med dei mennene som kongen i Samaria hev sendt i veg, og seg til dei: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan de skal av og spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden?

4Difor segjer Herren so: Du skal ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy. So gjekk Elias i veg.

5Då dei mennene som kongen hadde sendt i veg, kom attende til han, sa han til dei: Kvifor kjem de alt att?

6Dei svara: Det kom ein mann til møtes med oss og sa til oss: Gakk attende til kongen som hev sendt dykk i veg, og seg til han: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan du sender bod og spør etter Ba'al-Sebub, Ekron-guden? Difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.

7Kongen spurde: Korleis såg han ut den mannen som møtte dykk og tale soleis til dykk?

8Dei svara: Han var klædd i ein loden kjole og hadde eit lerbelte kring livet. Då sa kongen: Det var Elias frå Tisbe.

9So sende han hovding med femti hersveinar til han. Då hovdingen kom upp til Elias - han sat på toppen av fjellet - sa han: Du gudsmann, kongen segjer du skal koma ned.

10Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for det eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.

11So sende kongen ein annan hovding med femti hersveinar til Elias; og han tok til ords og sa til han: Du gudsmann, kongen segjer at du skal koma ned med ein gong.

12Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for Guds eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.

13So sende kongen tridje gongen ein hovding med femti hersveinar. Då denne tridje hovdingen kom upp til Elias, la han seg på kne for han og bad for seg og sa: Du gudsmann, lat livet mitt og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine auga!

14Visst for det eld ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre femtimannshovdingane og sveinane deira; men lat no mitt liv vera dyrt i dine augo!

15Då sa Herrens engel til Elias: Gakk men han ned! Ver ikkje redd han! So reiste han seg og gjekk med hovdingen ned til kongen

16og sa til han: So segjer Herrens: For di du sende bod og vilde spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden, liksom det ikkje var nokon Gud i Israel som du kunde spyrja åt - difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.

17So døydde han, soleis som Elias varsla då han bar fram Herrens ord, og Joram vart konge etter han i andre året av kongedømet åt Joram Josafatsson i Judariket; for han hadde ingen son.

18Det som elles er å segja um Akasja og det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.