1 Kings 21NO1938N

1Ei tid etter desse tilburdane hende det som me no skal fortelja: Nabot, ein mann i Jisre'el, åtte ein vinhage der; han låg innmed eit slott som høyrde Akab, kongen i Samaria, til.

2Akab tala med Nabot og sa: Lat meg få vinhagen din! Eg vil hava han til kålhage, sidan han ligg so nær innåt huset mitt. Eg skal gjeva deg ein betre vingard i staden, eller og skal eg, um du so vil, gjeva deg det han er verd i pengar.

3Men Nabot svara: Herren frie meg frå å gjeva deg fedrearven min!

4So gjekk Akab heim, huglaus og harm for di Nabot frå Jisre'el hadde svara han soleis og sagt at han ikkje vilde gjeva han fedrearven sin. Han kasta seg på sengi og snudde andletet mot veggen og vilde ikkje eta.

5Då kom Jesabel, dronningi, inn til han og spurde: Kvifor er du so sturen og smakar ikkje mat?

6Han svara: Eg tala med Nabot frå Jisre'el og bad han selja meg vinhagen sin for pengar, eller um han so vilde, byta med meg i ein annan vinhage. Men han svara: Eg vil ikkje selja deg vinhagen min.

7Då sa Jesabel, dronningi, til han: No fær du syna at det er du som hev kongsmakti i Israel! Ris upp, få deg mat og ver ikkje sturen! Eg skal syta for at du fær vinhagen åt Nabot frå Jisre'el.

8So skreiv ho eit brev i Akabs namn, sette innsigle på med hans seglring og sende brevet til styresmennene og dei gjævaste i byen hans, dei som budde saman med Nabot.

9I brevet skreiv ho dette: Lys ut ei fastehøgtid, og lag det so at Nabot sit øvst millom folket,

10og at tvo skarvar sit midt imot han, so dei kann vitna mot han og segja at han hev banna Gud og kongen! Leid han so ut og steina han i hel!

11Mennene i byen - styresmennene og dei gjævaste millom dei som budde i same byen som Nabot - gjorde det som Jesabel hadde sendt bod til dei um, soleis som det stod i brevet ho hadde sendt dei.

12Dei lyste ut ei fastehøgtid og stelte det so at Nabot fekk sitja øvst millom folket;

13og dei tvo skarvane kom og sette seg midt imot han. Og dei same skarvane vitna mot han so folket høyrde det, og sa: Nabot hev banna Gud og kongen. So leidde dei han ut or byen og steina han i hel.

14Med so gjort sende dei Jesabel det bodet: Nabot hev vorte steina og er daud.

15Med same Jesabel høyrde at Nabot hadde vorte steina i hel, sa ho til Akab: Tak i vegen og eigna til deg vinhagen åt Nabot frå Jisre'el, den som han ikkje vilde selja deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live; han er avliden.

16Og då Akab vart vis med at Nabot var avliden, gjorde han seg reidug og for ned til vinhagen hans og vilde eigna han til seg.

17Då kom Herrens ord til Elias frå Tisbe, og det lydde so:

18Gjer deg reidug og far nedetter og møt Akab, Israels-kongen, som sit i Samaria! No er han i vinhagen åt Nabot; han er faren dit ned og vil eigna han til seg.

19Høyr no korleis du skal tala til han: So segjer Herren: Hev du no både drepe og eigna til deg arven? So segjer Herren: På same staden som hundane sleikte blodet åt Nabot, skal dei sleikja blodet ditt og.

20Akab sa til Elias: Hev du funne meg no, du som allstødt hev vore uvenen min? Han svara: Ja, eg hev funne deg, for di du hev selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo.

21No vil eg føra ulukka yver deg; eg vil sopa etter deg og rydja ut kvar karmann i Akabs-ætti, både myndige og umyndige i Israel.

22Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med huset åt Jeroboam Nebatsson og med huset åt Baesa Akiason, for du hev gjort meg so harm og fenge Israel til å synda.

23Um Jesabel hev Herren tala og sagt: Hundane skal eta upp Jesabel attmed Jisre'elsvollen.

24Den av Akabs-ætti som bur i byen, skal hundane eta upp; og den som døyr utpå marki, skal fuglane eta upp.

25Aldri hev det vore ein nokon slik som Akab, han selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jesabel, dronningi, eggja han til det.

26Han for avstyggeleg åt, med di han heldt seg etter dei ufysne avgudane, heiltupp soleis som amoritane hadde gjort, dei som Herren dreiv burt for Israels-borni.

27Då Akab høyrde ordi hans Elias, reiv han sund klædi sine, og sveipte sekk um kroppen og fasta; og han sov i sekketyet og gjekk stillvoren ikring.

28Då kom Herrens ord til Elias frå Tisbe, og det lydde so:

29Hev du set kor liten og mjuk Akab hev gjort seg for meg? For di han hev gjort seg so mjuk, vil eg ikkje lata ulukka koma i hans levetid; men medan son hans lever, vil eg lata ulukka koma yver huset hans.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.