1I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge yver Judariket.
2Han styrte i Jerusalem i tri år. Mor hans heitte Ma'aka og var dotter åt Absalom.
3Han for fram etter same syndefulle vegen som faren hans hadde fylgt fyre hans tid og hjarta hans var ikkje heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, ættefar hans, hadde vore.
4Men for Davids skuld let Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem, med di han lyfta upp son hans etter han, og let Jerusalem få standa,
5for di David gjorde det som rett var i Herrens augo, og aldri i heile sitt liv veik ifrå noko av det han hadde sett han fyre, so nær som i det som hende med Uria, hetiten.
6Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred so lenge han levde.
7Det som meir er å segja um Abiam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane. Millom Abiam og Jeroboam var det og ufred.
8So for Abia til federne sine, og dei gravla han i Davidsstaden. Asa, son hans, vart konge etter han.
9I tjuande året av Jeroboams kongedøme i Israelsriket vart Asa konge yver Judariket.
10Han styrde i Jerusalem i ein og fyrti år. Mor hans heitte Ma'aka; og var dotter åt Absalom.
11Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.
12Han dreiv skjøkjesveinane ut or landet og fekk burt alle dei ufyselege avgudane som federne hans hadde laga.
13Han tok jamvel dronningrangen frå Ma'aka, mor si, for di ho hadde gjort eit grysjeleg avgudsbilete for Astarte. Dette grysjelege biletet hennar hogg han ned og brende det upp i Kidronsdalen.
14Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren so lenge han levde.
15Dei gåvone som far hans hadde helga Herren, og dei han sjølv hadde helga, flutte han inn i Herrens hus, både sylv og gull og andre ting.
16Millom Asa og Basea, kongen i Israelsriket, var det ufred so lenge dei levde.
17Basea, Israels-kongen, gjorde ei herferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, so ingen skulde fara frå eller til Asa, Juda-kongen.
18Då tok Asa fram alt sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus, og like eins skattane i kongsgarden; han gav dei i hendene på mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus og var son åt Tabrimmon og soneson åt Hesjon; bodet dei skulde bera fram, var so:
19Du veit det er eit samband millom meg og deg, som det var millom far min og far din. Her sender eg deg noko sylv og gull i gåva. Brjot no sambandet ditt Basea, Israels-kongen, so han lyt hava seg burt ifrå meg.
20Benhadad gjorde som Asa bad han; han sende herhovdingane sine mot Israelsbyane og hertok Ijon og Dan og Abel-Bet-Ma'aka og heile Kinneret, attåt alt Naftalilandet.
21Då Basea fekk bod um det, heldt han upp med å byggja festningsverk i Rama og gav seg til i Tirsa.
22Men kong Asa baud ut heile Juda-lyden - ingen vart friteken - og dei førde burt steinane og timberet som Basea hadde nytta til festningsarbeidet i Rama; med det bygde so Asa festningsverk i Geba i Benjaminsfylket og i Mispa.
23Det som meir er å segja um Asa, um alle storverki hans og alt det han elles gjorde, og um byane han bygde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.
24So for Asa til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin, og Josafat, son hans, vart konge etter han.
25I andre året av Asas kongedømme i Judariket vart Nadab, son åt Jeroboam, konge i Israel, og han rådde for Israelsriket i tvo år.
26Han gjorde det som Herren mislika; og fylgde vegen åt far sin og heldt fram med same syndi som far hans hadde gjort og fenge Israel til å gjera.
27Men Basea Akiason av Issakars-ætti, fekk til ei samansverjing imot han og slo han i hel burtmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til - Nadab og heile Israels-heren låg då der burte og hadde kringsett byen.
28Det var i tridje året av Asas kongedøme i Judariket at Basea drap Nadab og so vart konge i staden hans.
29Då han var vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus; han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætti, men rudde dei heiltupp ut. Då vart det sanna det ordet som Herren hadde havt Akia frå Silo, tenaren sin, til å tala.
30Dette hende for dei syndene skuld som Jeroboam hadde gjort og fenge Israel til å gjera, og for di han hadde harma Herren, Israels Gud.
31Det som meir er å segja um Nadab og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
32Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei levde.
33I det tridje året av Asas kongedøme i Judariket, vart Basea, son åt Akia, konge yver heile Israel i Tirsa og det var han fire og i tjuge år.
34Han gjorde det som Herren mislika, og heldt fram i same leidi som Jeroboam og med same syndi som han hadde gjort og fenge Israel.