1Då kom Herrens ord til Jehu Hananison um Baesa, og det lydde so:
2Eg lyfte deg upp or dusti og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt; men du hev halde fram i same leidi som Jeroboam og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei vekkjer vreiden min med syndene sine.
3Difor vil eg no sopa etter Baesa og huset hans og fara med huset ditt som eg gjorde med huset til Jeroboam Nebatsson.
4Den av Baesas ætt som døyr i byen, skal hundane eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane eta upp.
5Det som meir er å segja um Baesa, um det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
6So for Baesa til federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.
7Men Herrens ord hadde alt gjenom profeten Jehu Hananison nått Baesa og hans hus, ikkje berre for alt det vonde han hadde gjort for Herrens augo, med di han vekte vreiden hans på same vis som Jeroboams-ætti, men og for di han hadde tynt heile den ætti.
8Det var i seks og tjugande året av Asas kongedøme i Judariket at Ela Baesason vart konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år.
9Men ein av mennene hans som heitte Simri og var hovding for helvti av stridsvognene, fekk åt ei samansverjing mot han, ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der,
10kom Simri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året av Asas kongedøme i Judariket - og so vart han sjølv konge i hans stad.
11Og med det same han hadde teke kongsnamn og sessa seg i kongsstolen, øydde han heile Baesas hus. Han sparte ikkje ein einaste karmann av ætti, korkje av dei næmaste skyldfolket eller venene hans.
12Soleis gjorde Simri ende på heile Baesas hus; då vart det sanna det ordet som Herren hadde havt profeten Jehu til å tala til Baesa -
13for alle dei syndenes skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort og fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei inkjeslege gudane sine.
14Det som meir er å segja um Ela og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
15Det var i sju og tjugande året av Asas kongedøme i Judariket, at Simri vart konge. Han rådde i Tirsa i sju dagar, medan herfolket låg i læger ikring Gibbeton, filistarbyen.
16Men då dei i lægret fekk spurt at Simri hadde fenge til ei samansverjing og slege kongen i hel, då kåra heile Israel i lægret Omri, ein av herhovdingane, til konge yver Israelsriket.
17So drog Omri upp frå Gibbeton med heile Israels-heren, og dei kringsette Tirsa.
18Og då Simri såg at byen var teken, drog han inn i slottsborgi og brende slottet upp yver hovudet på seg og døydde -
19for dei syndene som han fekk å svara for då han gjorde det som var Herren imot og heldt fram i same leidi som Jeroboam og med same syndi som han gjorde, so han fekk Israel til å synda.
20Det som meir er å segja um Simri og den samansverjingi han fekk til, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
21Sidan kløydest folket - Israel - i tvo hopar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og tok han til konge; den andre helvti heldt med Omri.
22Men dei som heldt med Omri, fekk yvertaket yver dei som heldt med Tibni Ginatsson. So døydde Tibni, og Omri vart konge.
23Det var i ein og trettiande året av Asas kongedøme i Judariket at Omri vart konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.
24So kjøpte han Samariafjellet av Semer for tvo talent sylv; på det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Semer, som hadde ått fjellet.
25Omri gjorde det som Herren mislika; han for jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore fyre han.
26Han heldt allstødt fram leidi som Jeroboam Nebatsson og med same syndene som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera, so dei harma han Herren, Israels Gud, med dei inkjeslege gudane sine.
27Det som meir er å segja um Omri, um det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
28So for Omri til federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.
29Det var i åtte og trettiande året av Asas kongedøme i Judariket at Akab Omrison vart konge yver Israelsriket, og han sat konge yver Israel i Samaria i tvo og tjuge år.
30Akab Omrison gjorde Herren endå meir imot enn alle dei som hadde vore fyre han.
31Det var ikkje berre det at han heldt fram med same syndene som Jeroboam Nebatsson, men han tok Jesabel, dotter åt Etba'al, sidonar-kongen, til kona og gav seg til å dyrka Ba'al og tilbeda han.
32I det Ba'als-templet han hadde bygt i Samaria, reiste han eit altar for Ba'al.
33Akab fekk og laga ein Astarte-bilete, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud; han for verre åt enn nokon av dei Israels-kongane som hadde vore fyre han.
34I Akabs tid bygde Hiel frå Betel upp att Jeriko. Då han tufta, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette upp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Då vart det sanna det ordet Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.