1 Kings 14NO1938N

1I same tidi vart Abia, son åt Jeroboam, sjuk.

2Då sa Jeroboam åt kona si: Kjære deg, tak og klæd deg ut, so ingen kann sjå at du er kona åt Jeroboam, og gakk so til Silo! Der du veit Akia, profeten, bur, han som spådde at eg skulde verta konge yver dette folket.

3Tak med deg ti brød og nokre kakor og ei krukke med honning og gakk til han; so segjer han deg nok korleis det kjem til å ganga med guten.

4Kona gjorde som han bad; ho ferda seg til og for til Silo og kom til huset åt Akia. Akia hadde mist synet; augo hans hadde stivna av di han var so gamal.

5Men Herren hadde sagt til han: No kjem kona åt Jeroboam og vil høyra kva du segjer um son hennar; for han er sjuk. Då skal du segja so og so til henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei onnor.

6Då Akia høyrde ljoden av fotstegi hennar i døri, sa han: Kom inn, du kona åt Jeroboam! Kvifor læst du då vera ei onnor? Eg hev so tung ein bodskap å bera fram til deg.

7Gakk og seg til Jeroboam: So segjer Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt,

8eg reiv riket frå Davids hus og gav deg det. Men du hev ikkje vore som David, tenaren min; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han berre gjorde det som rett var i mine augo;

9men du hev bore deg verre åt enn alle som hev vore fyre deg; du gjekk av og gjorde deg andre gudar og støypte bilete, so du harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.

10Difor vil eg føra ulukke yver Jeroboams hus og rydja ut kvar karmann i ætti hans både myndige og umyndige i Israel, og eg vil sopa etter Jeroboams hus, liksom når ein sopar burt skarn, til det er heiltupp ute med han.

11Den av Jeroboams-ætti som døyr i byen, skal hundane eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane eta upp; for soleis hev Herren tala.

12Gjev no du deg på heimvegen! I det belet du set foten din i byen, døyr barnet.

13Heile Israel skal halda syrgjehøgtid etter han og fylgja han til jordi. For han var den einaste av Jeroboams hus som skal koma i grav; for han var den einaste i ætti som Herren, Israels Gud, tyktest finna noko godt hjå.

14Men Herren vil reisa upp åt seg ein konge yver Israel som skal rydja ut Jeroboams hus same dagen. Eller kva segjer eg? - alt no hev det hendt.

15Og Herren skal slå Israel, so dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet; han skal rykkja Israel upp or dette gode landet som han gav federne deira, og spreida dei ikring på hi sida åt elvi, for di dei hev gjort seg Astarte-bilete og harma Herren;

16han skal gjeva Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam hev gjort og hev fenge Israel til å gjera.

17Då tok kona hans Jeroboam ut og for heim att til Tirsa. I det same ho steig dørstokken i huset, slokna guten.

18Dei bar han til gravi, og heile Israel heldt syrgjehøgtid etter han, soleis som Herren hadde havt profeten Akia, tenaren sin, til å segja.

19Det som meir er å segja um Jeroboam, um herferdene hans, og um styringi hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

20Det var tvo og tjuge år Jeroboam rådde for riket. So for han til federne sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.

21I Juda rådde Rehabeam, son åt Salomo. Han var ein og fyrti år gamal då han vart konge, og styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut or alle Israelsfylki og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon.

22Juda-folket gjorde det som Herren mislika; med syndene dei gjorde, eggja dei han til brennhug meir enn federne deira hadde gjort.

23Dei og bygde seg offerhaugar og sette upp minnestolpar og Astarte-bilete på kvar høg bakke og under kvart grønt tre;

24det fanst jamvel folk i landet som vigde seg til skjøkjelivnad i avgudshusi. Dei tok etter alt det stygge som gjekk fyre seg hjå dei heidningfolki som Herren hadde drive burt for Israels-borni.

25So hende det i femte året av Rehabeams kongedøme at Sisak, kongen i Egyptarland, drog upp mot Jerusalem.

26Han tok både dei skattane som låg i Herrens hus, og dei som var i kongshuset - alt saman tok han. Like eins tok han alle gullskjoldane som Salomo hadde kosta.

27I staden for dei fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og sette hovdingane for drabantane som heldt vakt i slottsporten, til å taka vare på dei.

28Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar drabantane desse skjolda og tok dei so med seg attende til vaktstova.

29Det som meir er å segja um Rehabeam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

30Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tidi.

31So for Rehabeam til federne sine. Han vart gravlagd hjå federne i Davidsstaden. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon. Abiam, son hans, vart konge etter han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.