Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Zechariah 6

:
Norwegian - SMB
1 eg atter lyfte upp augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.
2 For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,
3 for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute sterke hestar.
4 tok eg til ords og sagde til engelen som tala med meg: «Kva skal dette tyda, Herre?»
5 Og engelen svara og sagde til meg: «Det er dei fire himmelvindarne. Dei hev vore kalla inn for Herren yver all jordi og fer no av stad att.
6 Vogni med dei svarte hestarne fer ut mot Norderlandet, dei kvite fylgjer etter deim, og dei flekkute fer utimot Sudlandet.»
7 Men dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å fara ikring jordi, og han sagde: «Gakk, far ikring jordi!» Og dei for ikring jordi.
8 So ropa han høgt meg og sagde til meg: «Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, hev svala min harm Norderlandet.»
9 Og Herrens ord kom til meg soleis:
10 Tak imot av Heldai, Tobia og Jedaja gåvorne frå dei landlyste, ja, gakk sjølv denne dagen av stad til huset åt Josias Sefanjason; for dit er dei komne frå Babel,
11 og tak imot sylv og gull! so gjort ei kruna og set henne hovudet åt øvstepresten Josva Jesadaksson!
12 Og seg til honom: «So segjer Herren, allhers drott: Sjå der er ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.
13 Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra kongsstolen sin, og han skal vera prest kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom deim båe.
14 Men kruna skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefanjason.
15 Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja Herrens tempel, og de skal kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer vel røysti åt Herren, dykkar Gud.»