Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Zechariah 4

:
Norwegian - SMB
1 Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,
2 og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,
3 og tvo oljetre stend attved, eitt høgre sida av oljeskåli og eitt vinstre sida.»
4 Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?»
5 Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?»
6 tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott.
7 Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»
8 Og Herrens ord kom til meg soleis:
9 Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk.
10 For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?
11 tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei høgre og vinstre sida av ljosestaken?»
12 Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?»
13 sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.»
14 sagde han: «Det er dei tvo olje-sønerne som stend hjå herren yver all jordi.»