Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Zechariah 14

:
Norwegian - SMB
1 Sjå, det kjem ein Herrens dag dei skal skifta ut ditt herfang inne i deg.
2 skal eg samla alle folkeslagi til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnorne skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr slagdagen.
4 den dagen skal han standa med føterne Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
5 Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal heilt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagarne Uzzia var konge i Juda. skal han koma, Herren, min Gud - alle heilage med deg.
6 den dagen skal det ikkje vera noko ljos; stjernorne skal kverva burt.
7 Og det skal koma ein viss dag - han er kjend av Herren - ein dag det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, skal det verta ljost.
8 Og den dagen skal det strøyma livande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
9 skal Herren vera konge yver heile jordi; den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
10 Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen.
11 Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt.
12 Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna, medan dei stend sine føter, augo deira skal rotna i holorne sine, og tunga skal rotna i munnen deim.
13 den dagen skal ei stor rædsla frå Herren koma yver deim, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
14 Ogso Juda skal strida i Jerusalem, og skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
15 Den same refsingi skal og koma yver hestarne og muldyri og kamelarne og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
16 Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og beda til kongen, Herren, allhers drott, og høgtida lauvhyttehelgi.
17 Og um nokre av ætterne jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim.
18 Dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal den same refsingi koma yver deim som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
19 Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
20 den dagen skal det standa bjøllerne åt hestarne: «Vigd åt Herren,» og grytorne i Herrens hus skal vera som offerskålerne framfor altaret.
21 Og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera vigd åt Herren, allhers drott, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av deim og koka i deim, og det skal ikkje meir finnast nokon kræmer i huset åt Herren, allhers drott, den dagen.