Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 8

:
Norwegian - SMB
1 Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.
2 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad himmelen.
3 Av munnen småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.
4 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,
5 kva er eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!
6 Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.
7 Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:
8 Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,
9 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!