Psalms 58SMB

1Til songmeisteren; «tyn ikkje»; av David, ein miktam.

2Tru de verkeleg med dykkar målløysa talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de menneskjeborn?

3Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.

4Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfang, ljugarane fer vilt alt frå morsliv.

5Eiter hev dei som orme-eiter, dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,

6so han ikkje høyrer på røysti åt tauvrekallen, han som vel kann trolla.

7Gud, slå inn tennerne i munnen deira, Herre, støyt sund jakslarne på dei unge løvor!

8Lat deim kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat deim vera som utan odd!

9Lat deim vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster som ikkje hev set soli.

10Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt, både det friske og det som brenn.

11Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege. Og folk skal segja: «Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Psalms 58.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.