Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 53

:
Norwegian - SMB
1 Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David.
2 Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt.
3 Gud skodar ned frå himmelen menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
4 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste.
5 Veit dei det ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; Gud kallar dei ikkje.
6 vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. Å, gjev frelsa frå Sion koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.