Psalms 51SMB

1Til songmeisteren; ein salme av David,

2då profeten Natan kom til honom, etter han hadde gjenge inn til Batseba.

3Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!

4Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd!

5For mine misgjerningar kjenner eg, og mi synd er alltid framfyre meg.

6Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer.

7Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.

8Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom!

9Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!

10Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!

11Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!

12Gud, skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg ei ny, stødug ånd inni meg!

13Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din heilage ande frå meg!

14Gjev meg atter fagnaden av di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!

15So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.

16Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.

17Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris.

18For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.

19Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå. Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murarne åt Jerusalem! Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Psalms 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.