Psalms 32SMB

1Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd!

2Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd!

3Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.

4For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.

5Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.

6Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå.

7Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.

8Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg.

9Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg.

10Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn.

11Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de trurøkne i hjarta!

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Psalms 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.