Psalms 146SMB

1Halleluja! Mi sjæl, lova Herren!

2Eg vil lova Herren so lenge eg liver, syngja lov for min Gud medan eg er til.

3Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.

4Fer hans ande ut, so vender han attende til si jord, den dagen er det ute med hans tankar.

5Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud!

6han som hev skapa himmel og jord, havet og alt som i deim er, han som er trufast til æveleg tid,

7han som gjev dei nedtyngde rett, han som gjev dei hungrige brød. Herren løyser dei bundne.

8Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,

9Herren varar dei framande, farlause og enkjor held han uppe, men han villar vegen for dei ugudlege.

10Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Psalms 146.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.