Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 142

:
Norwegian - SMB
1 Ein salme til lærdom av David han var i helleren, ei bøn.
2 Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren.
3 Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud.
4 Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner du min stig; den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg.
5 Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl.
6 Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.»
7 Agta mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke. Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.