Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 14

:
Norwegian - SMB
1 Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt.
2 Herren skodar ned frå himmelen menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.
4 Veit dei ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; Herren kallar dei ikkje.
5 Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.
6 Den arme manns råd de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.
7 Å, gjev frelsa frå Sion koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.