Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 130

:
Norwegian - SMB
1 Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg deg, Herre!
2 Herre, høyr mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst!
3 Dersom du, Herre, vil gøyma misgjerningar, Herre, kven kann standa?
4 For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg.
5 Eg vonar Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar hans ord.
6 Mi sjæl ventar Herren meir enn vaktmenner morgonen, vaktmenner morgonen.
7 Venta, Israel, Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom.
8 Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.