Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Proverbs 7

:
Norwegian - SMB
1 Son min, tak vare ordi mine, og gøym mine bodord hjå deg!
2 Tak vare bodordi mine, so skal du liva, og læra mi som din augnestein!
3 Bitt deim fingrarne dine, skriv deim hjartetavla!
4 Seg til visdomen: «Du er mi syster», og kalla vitet din ven,
5 so dei kann deg vara frå annanmanns kona, frå ei framand kvinna med sleipe ord.
6 For gjenom vindauga mitt, gjenom rimarne glytte eg ut.
7 såg eg millom dei fåkunnige, eg gådde ein uviting millom dei unge,
8 som smaug um hyrna gata, tok vegen til hennar hus,
9 i skumings-stundi, mot kvelden, i kolmyrke svarte natti.
10 kom kvinna imot han i skjøkjebunad og innful i hjarta -
11 bråkande er ho og vill, heime hev ho ’kje ro.
12 Snart gata, snart torgi, med kvart hyrna stend ho lur -
13 Ho tok fat han og kysste han, og med ubljug uppsyn sagde ho til han:
14 «Eg hev meg eit gilde-offer, og eg held min lovnad i dag.
15 Difor gjekk eg ut imot deg, vilde leita deg upp, og eg fann deg.
16 Mi seng hev eg reidt med tæpe, med egyptiske roselakan.
17 Eg hev skvett utyver mi lega myrra, aloe og kanel.
18 Kom til ein kjærleiks rus alt til morgons, lat oss hyggja oss saman i elskhug!
19 For mannen er ikkje heime, han er ferd langt burte,
20 pengepungen tok han med seg, ved fullmånetid kjem han heim.»
21 Ho fekk lokka han med all si sterke fyreteljing, forførde han med sine sleipe lippor.
22 Han fylgjer henne straks, som ein ukse gjeng til slagt, som i fotjarn til tukt for dåren,
23 til dess pili kløyver hans livr, som fuglen skundar til snara og veit ikkje at det gjeld livet.
24 Og no, søner, høyr meg, og lyd det munnen min talar!
25 Ei vende du hjarta til hennar vegar, vimra ikkje hennar stigar!
26 For mange med ulivssår hev ho felt, og stort er talet deim ho hev drepe.
27 Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot.