Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Proverbs 5

:
Norwegian - SMB
1 Son min, gjev agt min visdom, lut øyra ned til mitt vit!
2 So du kann halda deg gløggtenkt, og lipporne gøyma kunnskap.
3 For honning dryp av skjøkjelippor, og hennar gom er sleipar’ enn olje,
4 men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.
5 Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.
6 Ho gjeng ikkje livsens stig, gålaus vinglar ho vegvill.
7 Og no, søner, høyr meg, og vik ikkje frå det munnen min mæler!
8 Lat din veg vera langt frå henne, kom ’kje nær til husdøri hennar!
9 Annars gjev du din vænleik til andre, åt ein hardstyrar åri dine.
10 Av di eiga vil framande mettast, det du samla med stræv, kjem i annanmanns hus,
11 so du lyt stynja til slutt når ditt hold og kjøt er upptært,
12 og segja: «Kor kunde eg hata tukt, og hjarta mitt vanvyrda age?
13 Kvi høyrde eg ikkje meistrarne mine, og lydde deim som lærde meg?
14 Nær var eg komen ille i det midt i mengdi som sat til tings.»
15 Drikk or din eigen brunn, det som renn or di eigi kjelda!
16 Skulde kjeldorne dine renna gata, vatsbekkjerne dine ute torgi?
17 Lat deim vera berre for deg, og ikkje for framande med deg!
18 Kjelda di vere velsigna, gled du deg i din ungdoms viv.
19 Elskhugs-hindi, ynde-gasella - barmen hennar alltid deg kveikje, stødt vere du trylt av hennar kjærleik.
20 Kvi skulde du, son min, tryllast av onnor kona, og femna barmen framand kvinna?
21 For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.
22 Den gudlause vert fanga i misgjerningarne sine, hans synde-band bind honom fast.
23 Han døyr av di han ikkje let seg aga, og ved sin store dårskap tumlar han i koll.