Numbers 2SMB

1Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

2«Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.

3På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;

4og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.

5Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;

6og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.

7Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;

8og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.

9Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.

10Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;

11og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.

12Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;

13og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.

14Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;

15og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.

16Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.

17Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.

18Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;

19og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.

20Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;

21og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.

22Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;

23og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.

24Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.

25Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;

26og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.

27Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;

28og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.

29Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;

30og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.

31Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»

32Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.

33Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.

34Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Numbers 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.