Numbers 17SMB

1Då tala Herren til Moses, og sagde:

2«Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.

3Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.

4So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.

5Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»

6So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.

7Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.

8Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.

9Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.

10Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»

11Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.

12Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!

13Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Numbers 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.