Leviticus 12SMB

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2«Tala til Israels-borni og seg: «Når ei kvende kjem i barnseng og fær ein son, so skal ho vera urein i sju dagar, likso lenge som når ho hev månadstidi si.

3Den åttande dagen skal huveholdet umskjerast på sonen.

4Sidan skal ho halda seg heime i tri og tretti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast; ikkje må ho røra noko heilagt, og ikkje må ho koma til heilagdomen fyrr reinskingsdagarne hennar er lidne.

5Fær ho eit møybarn, so vert ho vera urein i tvo vikor, som når ho hev sine eigne tider, og sidan skal ho halda seg heime i seks og seksti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast.

6Når reinskingstidi er ute, anten ho hev fenge son eller dotter, so skal ho koma med eit årsgamalt lamb til brennoffer og ein duveunge eller ei turtelduva til syndoffer; det skal ho bera fram åt møtetjelddøri, og gjeva det til presten,

7og presten skal ofra det for Herrens åsyn, og gjera soning for henne, so ho vert rein etter blødingi. Denne lovi gjeld for alle kvende som hev fenge barn, anten det er son eller dotter.

8Men den sim ikkje hev råd til å ofra eit lamb, skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer, og presten skal gjera soning for henne; då vert ho rein att.»»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.