Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Joshua 9

:
Norwegian - SMB
1 dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne -
2 og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel.
3 Gibeon-buarne fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Aj.
4 fann dei ei sløg råd: dei tok ut ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg asni sine, hadde dei i gamle sekkjer og gamle vinhitar, som var rivna og ihopatt-knytte.
5 Dei hadde gamle, lappa skor føterne, og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.
6 Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal, og sagde til honom og Israels-mennerne: «Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?»
7 Men Israels-mennerne sagde til hevitarne: «De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me gjera samband med dykk?»
8 sagde dei til Josva: «Me vil vera tenarane dine.» «Kven er de, og kvar kjem de frå?» spurde han.
9 «Me er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud», svara dei; «for me høyrde gjete honom og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland,
10 og kva han hadde gjort med båe amoritarkongarne hi sida Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot,
11 sagde styresmennerne våre og heile landslyden til oss: «Nista dykk ut, og far til møtes med deim, og seg til deim: «Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?»»
12 Her ser de brødet vårt; det var varmt me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er!
13 Og her ser de vinhitarne; me fyllte deim, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne denne endelause ferdi.»
14 tok Israels-mennerne og smaka nista deira, men spurde ikkje Herren til råds.
15 Og Josva gjorde fred og samband med deim, og lova deim livet, og hovdingarne yver lyden gjorde eiden det same.
16 Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed deim.
17 For Israels-sønerne tok ut att, kom dei tridje dagen til byarne deira; det var Gibeon og Ketira og Be’erot og Kirjat-Jearim.
18 Men dei gjorde ikkje folket der noko mein, av di hovdingarne hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. mukka heile lyden mot hovdingarne.
19 Men hovdingarne tala til lyden, og sagde: «Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand deim.
20 Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for kallar me Guds vreide ned yver oss.
21 Dei lyt liva,» sagde hovdingarne, «men dei skal vera vedhoggarar og vatsberarar for heile lyden.» Og det vart som hovdingarne sagde.
22 Og Josva kalla Gibeon-buarne fyre seg, og sagde til deim: «Kvi narra de oss og sagde at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss!
23 No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»
24 svara dei Josva so: «Det vart sagt oss for visst at Herren, din Gud, hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; vart me so rædde for livet vårt; difor gjorde me dette.
25 Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!»
26 gjorde han det so med deim; Han berga dei for Israels-sønerne, so dei ikkje vart drepne;
27 men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret den staden Herren valde seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.