Joshua 19SMB

1Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, låg midt i Judafylket.

2Til Simeonsfylket høyrde Be’erseba og Seba og Molada

3og Hasar-Sual og Bala og Esem

4og Eltolad og Betul og Horma

5og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa

6og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grenderne som høyrde til;

7Ajin, Rimmon og Eter og Asan, fire byar, med grenderne som høyrde til,

8og alle bygderne som låg ikring desse byarne, alt til Ba’alat-Be’er, eller Rama, i Sudlandet. Dette var odelsjordi åt Simeons-ætti og greinerne hennar.

9Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-sønerne. Den luten som fall på Juda-sønerne, vart for stor åt deim; difor var det at Simeons-sønerne fekk landet sitt midt i deira land.

10Den tridje luten fall på Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.

12I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Daberat og gjekk upp til Jafia.

13Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Nea.

14So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftaheldalen.

15I Sebulonsfylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.

16Dette var det landet Sebulons-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygdar.

17Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-sønerne og ættgreinerne deira.

18I landet deira låg Jisre’ela og Kesullot og Sunem

19og Hafarajim og Sion og Anaharat

20og Rabbit og Kisjon og Ebes

21og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.

22Fylkesdeilet snart innåt Tabor og Sahasuma og Bet-Semes, og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.

23Dette var det landet som Issakars-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

24Den femte luten fall på Assers-ætti og greinerne hennar.

25I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf

26og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Libnatåi;

27i aust tok det leidi til Bet-Dagon og gjekk so nordetter frammed Sebulonsfylket og Jiftaheldalen til Bet-ha-Emek og Ne’iel; sidan heldt det fram på vinstre hand til Kabul

28og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.

29So vende deilet seg mot Rama, og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hos, og gjekk ut i havet ikkje langt frå Akzib.

30Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.

31Dette var det landet som Assers-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga, med byar og bygder.

32På Naftali-sønerne fall den sette luten, på Naftali-sønerne og ættgreinerne deira.

33Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Besa’annim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum, og gjekk ut i Jordan.

34So vende deilet seg vestetter til Aznot-Tabor, og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon, og i vest med Asser; i aust fylgde skiftelina Jordan.

35Av faste byar var der: Siddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret

36og Adama og Rama og Hasor

37og Kedes og Edre’i og En-Hasor

38og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.

39Dette var det landet Naftali-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

40På Dans-ætti og greinerne hennar fall den sjuande luten.

41I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes

42og Sa’alabbin og Ajjalon og Jitla

43og Elon og Timnata og Ekron

44og Elteke og Gibbeton og Ba’alat

45og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon

46og Me-Hajarkon og Rakkon og bygderne burtmed Joppe.

47Men Danseiga rakk vidare enn so: Dans-sønerne for nordetter, og tok på Lesem-buarne; dei vann landet deira, og øydde det med odd og egg; sidan lagde dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.

48Dette var det landet Dans-ætti og greinerne hennar fekk til odel og eiga med byar og bygder.

49Då Israels-sønerne vel hadde skift ut heile Kana’ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;

50dei gav honom, etter Herrens bod, den byen han bad um, Timnat-Serah på Efraimsfjellet; og han bygde upp byen, og busette seg der.

51Dette var dei odelseigorne som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo, for Herrens åsyn i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Joshua 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.