Job 35SMB

1Og Elihu tok til ords og sagde:

2«Seg, trur du vel at slikt er rett, so du meir rettvis er enn Gud,

3når djervt du spør: «Kva gagn hev eg, kva løn um eg frå syndi flyr?»

4På dette vil eg svara deg og likeins venerne med deg.

5Ditt auga du mot himmelen snu, og sjå på skyerne der uppe!

6Di synd, kann ho vel skade honom? Lid han, um dine brot er mange?

7Er du rettvis, kva gjev du honom? Kva fær han då utav di hand?

8Di synd vedkjem ein mann som deg, di rettferd gjeld eit menneskje.

9Dei klagar yver urett stor og skrik um hjelp mot valdsmenns arm;

10men spør ’kje: «Kvar er Gud, min skapar, som let ved natt lovsongar tona,

11gjev oss meir vit enn dyr på mark og meir forstand enn fugl i luft?»

12Der ropar dei - han svarar ikkje - um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.

13Gud høyrer ei på tome ord, slikt agtar Allvald ikkje på.

14Um enn du segjer du ei ser han, han ser han nok saki, bi på honom!

15Og no, når vreiden hans ei refser, tru han ei kjenner dårskapen?

16Men Job let upp sin munn til fåfengd, uvitugt talar han so mykje.»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Job 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.