Job 26SMB

1Då svara Job og sagde:

2Kvar helst hev du den veike hjelpt? Når studde du den trøytte arm?

3Kvar gav du uklok mann ei råd? Kor ovleg visdom hev du synt?

4Kven hev du bore melding til? Kva ånd hev tala gjenom deg?

5Skuggarne i angest skjelva, vatsdjup og dei som deri bur.

6Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje.

7Nordheimen han i audni spana, og hengde jordi yver inkje.

8Han vatnet inn i skyer bind; og skyi brest ei under det.

9Kongsstolen sin han gøymer burt og breider skyer yver honom.

10Kring vatni han ei grensa set, der som ljos og myrker byta skal.

11Stolparne under himmelen skjelv, og rædde vert dei for hans trugsmål.

12Han rører havet upp med velde, og med sit vit han krasar ubeist.

13Og himmelen klårnar ved hans ande; hans hand den snøgge ormen drap.

14Sjå her utkanten av hans veg; det berre kviskring er me høyrer. Kven skynar, når hans allmagt torar?

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Job 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.