Jeremiah 45SMB

1Det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk Neriason då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias munn i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason; han sagde:

2So segjer Herren, Israels Gud, um deg, Baruk:

3Du sagde: «Eie meg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk. Eg er trøytt av sukkarne mine og finn ingi kvild.»

4So skal du segja med honom: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi.

5Og du, du trår etter store ting åt deg: ikkje trå etter deim! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang på kvar den stad du ferdast.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 45.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.