Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

James 5

:
Norwegian - SMB
1 Og no, de rike, gråt og barma dykk for den ulukka som skal koma dykk!
2 Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mol-etne;
3 gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne.
4 Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.
5 De hev livt jordi i kjæla og etter lysterne dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar slagtardagen.
6 De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand imot dykk.
7 Ver tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå, bonden ventar den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg henne, til ho fær haustregn og vårregn.
8 So ver de og tolmodige og styrk dykkar hjarto! for Herrens tilkoma er nær.
9 Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!
10 Mine brør! tak profetarne, som tala i Herrens namn, til fyredøme å lida vondt og vera tolmodige!
11 Sjå, me prisar deim sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.
12 Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!
13 Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje!
14 Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver honom og salva honom med olje i Herrens namn;
15 og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa honom upp; og hev han gjort synder, skal dei verta honom forlatne.
16 Sanna synderne dykkar for kvarandre, og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor magt i sin verknad.
17 Elia var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje jordi tri år og seks månader.
18 Og han bad nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.
19 Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender honom,
20 han skal vita, at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjæl frå dauden og løyner ei mengd med synder.