Isaiah 39SMB

1Kring den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.

2Hizkia var glad for dei kom, og han synte deim skattkammeret sitt, sylvet og gullet og kryddorne og den kostelege oljen, og heile våpnhuset sitt og alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.

3Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Og Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei til meg.»

4«Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»

5Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr ordet frå Herren, allhers drott:

6Sjå, dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.

7Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»

8Då sagde Hizkia til Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Og han sagde framleides: «Det vert då fred og trygd so lenge eg liver.»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.