Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 15

:
Norwegian - SMB
1 Framsegn um Moab. Ja, ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
2 Dei stig upp til huset og til Dibon haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
3 gatorne sveiper dei sekk um seg, tak og torg jamrar deim alle, tårorne fløymer.
4 Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom.
5 Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.
6 Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.
7 Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.
8 Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling.
9 For Dimonsvatnet er fullt av blod. Og endå meir let eg koma yver Dimon: ei løva yver deim som er berga av Moab, yver leivningen i landet.