Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ezekiel 1

:
Norwegian - SMB
1 Det hende i det trettiande året, den femte dagen i den fjorde månaden, eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg og eg såg syner frå Gud.
2 Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin vart burtførd -
3 kom Herrens ord til Ezekiel Buzison, presten, i Kaldæarlandet attmed Kebarelvi. Herrens hand kom der yver honom.
4 Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.
5 Og midt der-utor kom det noko som liktest fire livende. Og soleis var dei skap: Dei hadde manneskapnad.
6 Og fire andlit var det kvart eitt av deim og fire vengjer kvart eitt av deim.
7 Og føterne deira, dei var beine, og fotbladi deira var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.
8 Og dei hadde mannehender under vengjerne alle fire sidorne. Og med andliti deira og vengjerne deira var det soleis alle fire:
9 Vengjerne deira nådde i hop, den eine med hin. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt gjekk beint fram.
10 Og deira andlit var som eit mannsandlit skap, og alle fire hadde løve-andlit høgresida, og alle fire hadde ukse-andlit vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlit.
11 Det var no andliti deira. Og vengjerne deira breidde seg ut ovantil. Med tvo av vengjerne sine nådde eitt livende i hop med hitt, og med tvo løynde det likamen sin.
12 Og kvart eitt av deim gjekk beint fram. Kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
13 Og livendi såg ut som gløder i eld, brennende, som kyndlar å sjå til; elden for att og fram millom livendi, og det skein av honom, og ut or elden gjekk det ljon.
14 Og livendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.
15 Og eg såg livendi, og sjå, det var eit hjul jordi innmed kvart eitt livende, og dei viste ut mot fire sidor.
16 Og hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eitkvart som liktest krysolit, og alle fire var eins skapnad, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.
17 Til alle fire sidorne kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
18 Og hjulfalli var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring alle fire.
19 Og når livendi gjekk, so gjekk hjuli attmed deim, og når livendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.
20 Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga. Og hjuli lyfte seg med deim, for åndi åt livendi var i hjuli.
21 Når livendi gjekk, so gjekk dei, og når dei stod, so stod dei, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt livendi var i hjuli.
22 Og uppyver hovudi livendi var det noko skap som ein kvelv, som underfull krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.
23 Og uppunder kvelven rette vengjerne deira seg beint ut, kvar mot annan. Kvart einskilt av deim hadde tvo vengjer som dei løynde likamen sin med.
24 Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.
25 Og det ljoma ei røyst uppyver kvelven som var yver hovudi deira. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.
26 Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest eit menneskje.
27 Og eg såg noko liksom sylvblanda gull, sjåande til liksom eld med ein ljosgard ikring, frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og so uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit skin rundt ikring.
28 Liksom syni av bogen i skyi ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og eg fekk sjå det, fall eg ned mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.