Exodus 11SMB

1Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.

2Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»

3Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.

4Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.

5Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.

6Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.

7Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»

8Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.

9Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,»

10so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for Exodus 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.