Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Deuteronomy 7

:
Norwegian - SMB
1 Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;
2 men når han hev gjeve deim i di magt, og du hev vunne yver deim, skal du bannstøyta deim; du ikkje gjera nokor semja med deim, og ikkje gjeva deim grid;
3 du ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;
4 for dei kunde sønerne dine til å falla frå Herren og tena andre gudar, og kom Herren til å harmast dykk, og rydja dykk ut, og det fort.
5 Høyr no korleis de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinarne skal de slå sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avgudsbilæti skal de brenna upp.
6 For du er eit heilagt folk, vigt åt Herren, din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag jordi, og vilde du skulde vera hans eige folk.
7 Ikkje av di du var større enn alle dei andre folki, tok Herren deg åt seg og kåra deg ut; for du er det minste av alle folk.
8 Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difor førde han deg burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or henderne Farao, egyptarkongen.
9 So du vita at Herren, din Gud, han er den rette Gud, den trufaste Gud, som held det han lovar. Mot deim som elskar honom og held bodi hans, gjer han vel i tusunde leden,
10 og deim som hatar honom, gjev han løni loven, og let deim ganga til grunnar; han held ikkje att løni for deim, men greider henne midt upp i handi deira.
11 So kom i hug dei bodi og fyresegnerne og loverne som eg ber fram for deg i dag, og liv etter deim!
12 Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;
13 han skal elska deg, og velsigna deg, og auka ætti di; han skal velsigna både det du avlar og det du el: kornet og druvesafti og oljen, det som fell undan storfeet og det som kjem til i småfenadflokken, den jordi han lova federne dine å gjeva deg.
14 Velsigna skal du vera framum alle folkeslag. Hjå deg skal det aldri finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme.
15 All sjukdom skal Herren halda burte frå deg, og alle dei vonde sotterne du kjenner frå Egyptarland, deim skal han ikkje leggja deg, men dine fiendar skal han leggja deim.
16 Alle dei folki Herren, din Gud, gjev deg magt yver, skal du tyna, og ikkje kvida deg for å drepa deim. Og aldri du tena gudarne deira; for det vert ulukka di.
17 Men um du tenkjer som so: «Desse folki er sterkare enn eg! korleis kann eg driva deim ut?»
18 so ver ikkje rædd deim for det! Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Farao og alle egyptarane,
19 dei store plågorne du såg for augo dine, og teikni og underi som hende Herren med fast hand og strak arm henta deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren, din Gud, gjera med alle dei folki du ræddast for.
20 Endå kvefsen skal han senda imot dei, til alle dei er burte som var att og hadde løynt seg for deg.
21 Du skal ikkje fæla deg for deim; for Herren, din Gud, er med deg, ein stor og ageleg Gud.
22 Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje øyda deim ut med ein gong; for kom villdyri til å auka for mykje.
23 Herren, din Gud, skal gjeva deg magt yver deim; han skal fjetra deim, so dei ikkje veit anten att eller fram, og vert nedhogne.
24 Kongarne deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira or verdi. Ingen skal kunna standa seg mot deg; du skal øyda deim ut for ende.
25 Gudebilæti deira skal du kasta elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,
26 og slik styggedom skal du ikkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.