Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Acts 27

:
Norwegian - SMB
1 det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei både Paulus og nokre andre fangar yver til ein hovudsmann med namnet Julius ved den keisarlege herflokken.
2 Me gjekk um bord eit skip frå Adramyttium, som skulde sigla frammed Asialandet, og so lagde me ut; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss.
3 Og den andre dagen for me inn til Sidon, og Julius, som var menneskjekjærleg mot Paulus, let honom ganga til venerne sine og njota godt av deira omsut.
4 Derifrå for me ut og siglde inn under Kypern, av di det var motvind.
5 Og me hadde siglt yver havet ved Kilikia og Pamfylia, kom me til Myra i Lykia.
6 Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria, som skulde til Italia, og han sette oss um bord i det.
7 I mange dagar gjekk det no seint med siglingi, og det var med naud me vann fram imot Knidus; vinden var imot, heldt me inn under Kreta ved Salmone,
8 og det var med naud me vann framum der og kom til ein stad som vert kalla Godhamn, nær ved ein by Lasæa.
9 lang tid var lidi, og det alt var fårleg å ferdast sjøen, etter som jamvel fastetidi var ute, vara Paulus deim og sagde:
10 «Menner, eg ser at sjøferdi vil vera eit våverk og til stor skade ikkje berre farm og skip, men og for vårt eige liv.»
11 Men hovudsmannen hadde betre tru til styrmannen og skiperen enn til det som Paulus sagde.
12 Og hamni var ulagleg til vinterlægje, tok dei fleste den rådi å leggja ut ogso derifrå, um dei skulde kunna vinna fram og taka vinterlægje i Føniks, ei hamn Kreta, som vender mot sudvest og nordvest.
13 det no bles ein linn sunnanvind, tenkte dei at dei kunde fullføra si rådgjerd. Dei letta og heldt tett frammed Kreta.
14 Men ikkje lenge etter kom det ein kvervelstorm som vert kalla eurakylon, og kasta seg mot øyi;
15 skipet kom rek og ikkje kunde halda seg upp mot vinden, gav me det upp og let oss driva.
16 Me gjekk inn under ei liti øy, som vert kalla Klauda, og det var med naud me fekk berga inn båten;
17 dei hadde fenge honom inn, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. Og dei var rædde for å driva ned Syrten, strika dei seglet og dreiv den måten.
18 me leid mykje vondt av veret, kasta dei den andre dagen farmen yver bord,
19 og tridje dagen kasta me ut skipsreidskapen med eigne hender.
20 Sidan korkje sol eller stjernor synte seg fleire dagar, og veret stod stridt på, var det no reint ute med all von um å verta berga.
21 Og dei ikkje hadde fenge mat lenge, steig Paulus fram midt imillom deim og sagde: «Menner, de skulde ha fylgt mi råd og ikkje fare frå Kreta og so sloppe for dette våverket og denne skaden.
22 Og no manar eg dykk til å vera ved godt mod; for ikkje ei sjæl av dykk skal forgangast, men berre skipet.
23 For i natt stod det framfyre meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer, og som eg tener, og han sagde:
24 «Ver ikkje rædd, Paulus! du skal stella deg fram for keisaren; og sjå, Gud hev gjeve deg alle deim som siglar med deg.»
25 Difor, menner, ver ved godt mod, for eg lit Gud, at det skal verta so som det er sagt meg.
26 Men ei øy skal me stranda.»
27 den fjortande natti kom, og me dreiv ikring i Adriatarhavet, merka sjøfolki ved midnatt at det bar nær til land.
28 Og dei lodda, fann dei tjuge famnar. Men dei var komne ei lite stykke derifrå og lodda nytt, fann dei femtan famnar.
29 Og dei var rædde for at dei skulde støyta skjer nokon stad, kasta dei fire anker frå bakstamnen; og dei stunda at det måtte verta dag.
30 Men sjømennerne freista å røma burt frå skipet og sette båten sjøen og lest vilja føra anker ut frå framstamnen;
31 sagde Paulus til hovudsmannen og hermennerne: «Dersom ikkje desse der vert verande um bord skipet, so kann de ikkje verta berga.»
32 hogg hermennerne togi til båten av, og slepte honom ned.
33 det so leid mot dag, bad Paulus alle å taka føda, og han sagde: «I dag er det den fjortande dagen som de ventar fastande, og ikkje fær dykk mat.
34 Difor bed eg dykk å taka føda; dette høyrer med til dykkar berging; for det skal ikkje forkomast eit hår av hovudet nokon av dykk.»
35 han hadde sagt dette, tok han eit brød og takka Gud for augo alle, og han braut det og tok til å eta.
36 vart dei alle ved godt mod og tok føda, dei og.
37 Me var i det heile tvo hundrad og seks og sytti sjæler um bord skipet.
38 Og dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarorne i sjøen.
39 det no vart dag, kjende dei ikkje landet, men dei vart vare ei vik som hadde ei flat strand; der vilde dei setja skipet land, um det var mogelegt.
40 Og dei slepte ankeri og let deim etter i havet, medan dei og løyste togi som dei hadde bunde styri med, og dei hadde vunde seglet upp for vinden, heldt dei inn imot strandi.
41 Men dei dreiv inn ein grunne med djup sjø båe sidor, og skipet støytte på; og framstamnen, som sette seg fast, vart standande urørleg, men bakstamnen vart sundslegen av det sterke bårebrotet.
42 No vilde hermennerne drepa fangarne, so ingen skulde symja burt og røma.
43 Men hovudsmannen, som vilde berga Paulus, hindra deim i denne rådi og gav det påbodet at dei som kunde symja, fyrst skulde kasta seg ut og koma i land,
44 og so dei andre, sume bordstubbar, andre stykke av skipet. Og soleis hende det seg at alle vart berga i land.