2 Chronicles 18SMB

1Då Josafat hadde vunne seg rikdom og æra, gjekk han i mågskap med Ahab.

2Etter nokre år var lidne, drog han ned til Ahab i Samaria, og Ahab let slagta ei mengd med småfe og storfe for honom og mannskapet han hadde med seg; so lokka han honom til å draga upp mot Ramot i Gilead.

3For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»

4Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»

5Då stemde Israels-kongen saman profetarne, fire hundrad mann, og spurde deim: «Skal me draga ut og strida mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Gud vil gjeva byen i henderne på kongen.»

6Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja gjenom honom?»

7Israels-kongen sagde til Josafat: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved; men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt alle sine dagar; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»

8Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»

9Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud kvar på sin kongsstol, dei sat på treskjevollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.

10Og Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tyner deim.»»

11Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot i Gilead, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»

12Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavast med deira, og lova lukka du og!»

13Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som min Gud segjer.»

14Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal de få siger, og dei skal verta gjevne i dykkar vald.»

15Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»

16Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»

17Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»

18Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod på den høgre og den vinstre sida hans.

19Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.

20Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»

21Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»

22Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.

23Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare ifrå meg for å tala med deg?»

24Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen då du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»

25Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,

26og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost, til kongen kjem heim att med heilo!»»

27Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg.» Og so sagde han: «Høyr, de folk, alle saman!»

28So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.

29Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden, men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut, og so gjekk dei inn i striden.

30Men Syria-kongen hadde gjeve det bodet til hovdingarne for stridsvognerne sine at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre på Israels-kongen.

31Då no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.

32Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.

33Men ein mann som spente bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren! for eg er såra.»

34Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni si imot syrarane like til um kvelden; og ved soleglad døydde han.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.