1 Samuel 27SMB

1Men David sagde med seg sjølv: «Ein dag stupar eg for Sauls hand. Eg veit ingen annan utveg enn å røma til Filistarlandet; då lyt Saul slutta å leita etter meg innanfor Israelslandskilet; og so bergar eg meg undan honom.»

2So braut David upp og drog med dei seks hundrad kararne sine yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.

3Og David heldt seg hjå Akis i Gat, han og kararne hans, alle med huslyden sin, David med dei tvo konorne sine; Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona hans Nabal frå Karmel.

4Då Saul frette at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje meir etter honom.

5David sagde til Akis: «Hev du aldri so liten godvilje for meg, so lat meg få bu i ein av landsbyarne, so eg kann halda meg der. Kvifor skulde tenaren din bu i hovudstaden hjå deg?»

6Akis gav honom Siklag same dagen. Difor høyrer Siklag den dag i dag til Juda-kongarne.

7Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.

8David tok ut med kararne sine og gjorde herjeferder hjå gesuritarne, girzitarne og amalekitarne. For desse folkeætterne budde der i landet frå gamalt, burtimot Sur og heilt til Egyptarland.

9Og når David herja i landet, sparde han korkje kar eller kvende; han tok bufe og smale og asen og kamelar og klæde. Og dermed snudde han attende til Akis.

10Når då Akis spurde: «I dag hev de vel ikkje gjort nokor herjeferd?» so svara David: «Jau, sør i Judalandet,» eller: «Sør i Jerahme’eitlandet», eller: «Sør i Kenitarlandet.»

11Ingi livande sjæl sparde David, so dei kunde koma til Gat. For han tenkte: «Dei kunde slarva um oss og segja: «Det og det hev David gjort; soleis hev han fare åt heile tidi han budde i Filistarlandet.»»

12Men Akis trudde David, og tenkte: «Han hev fenge uord på seg hjå Israel, folket sitt, og no vil han tena meg alle dager.»

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.