1 Kings 22SMB

1No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel.

2Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen.

3Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.»

4Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»

6Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»

7Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?»

8Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»

9Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»

10Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.

11Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»»

12Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»

13Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!»

14Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.»

15Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»

16Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»

17Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»

18Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»

19Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida.

20Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.

21Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»

22Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!»

23Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.

24Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?»

25Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»

26Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,

27og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»»

28Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!»

29So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.

30Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden.

31Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.

32Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop.

33Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.

34Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!»

35Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni.

36Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!»

37So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria.

38Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala.

39Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

40So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.

41Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen.

42Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.

43Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo.

44Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne.

45Og Josafat heldt fred med Israels-kongen.

46Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

47Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde.

48Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge.

49Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje.

51Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans.

52Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år.

53Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda. Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.

Public Domain

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.