1HERRENS ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.
2Eg riv bort, alt riv eg bort frå jorda, seier HERREN.
3Eg riv bort både menneske og dyr, fuglane under himmelen og fiskane i havet, eg lèt dei urettferdige snubla. Eg utryddar menneska frå jorda, seier HERREN.
4Eg lyfter handa mot Juda, mot alle som bur i Jerusalem. Eg utryddar frå denne staden alt som er att av Baal, og namnet til avgudsprestane saman med prestane.
5Eg utryddar dei som tilbed himmelhæren på taka, dei som tilbed HERREN og sver ved han og samtidig sver ved Milkom,
6og dei som vender HERREN ryggen, som ikkje søkjer HERREN og ikkje spør han til råds.
7Ver still for Herren GUD, for HERRENS dag er nær! HERREN har laga til eit slaktoffer, han har helga dei han har bode inn.
8På dagen for HERRENS slaktoffer skal eg straffa fyrstar og kongssøner og alle som kler seg i framand drakt.
9Eg skal straffa alle som spring over dørstokken den dagen, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
10Den dagen, seier HERREN, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og eit høgt klagerop frå høgdene.
11Hyl, de som bur i Nedrebyen, for heile kremmarfolket er gjort til inkjes, utrydda er alle som vog opp sølv.
12På den tida skal eg gjennomsøkja Jerusalem med lys og straffa mennene der, dei som sit sløve i sin vinrus og seier i sitt hjarte: «HERREN gjer korkje godt eller vondt.»
13Det dei eig, skal plyndrast og husa deira øydeleggjast. Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei, plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.
14Nær er HERRENS store dag; han er nær og kjem med hast! Høyr, beisk er HERRENS dag, då ropar krigaren høgt.
15Ein vreidedag er den dagen, ein dag med naud og trengsle, ein dag med øydelegging og herjing, ein dag med mørker og dimme, ein dag med skyer og skodde,
16ein dag med hornlåt og hærrop mot festningsbyar, mot høge borgtårn.
17Då vil eg senda trengsle så folk går som i blinde, for dei har synda mot HERREN. Blodet deira skal tømmast ut som slam og innvolane deira som møkk.
18Sølv og gull kan ikkje berga dei på HERRENS vreidedag. Elden frå hans lidenskap skal øyda heile jorda. For han utryddar, ja, han gjer brått ende på alle som bur på jorda.