Zechariah 8NO2011NN

1Då kom ordet frå HERREN over hærskarane:

2Så seier HERREN over hærskarane: Eg brenn for Sion med stor lidenskap, med stor harme brenn eg for henne.

3Så seier HERREN: Eg vender tilbake til Sion, eg vil bu i Jerusalem. Jerusalem skal kallast Den trufaste byen, og fjellet til HERREN over hærskarane skal kallast Det heilage fjellet.

4Så seier HERREN over hærskarane: Atter skal gamle menn og kvinner sitja på torga i Jerusalem, alle med stav i hand fordi dei er så gamle.

5Torga i byen skal fyllast av gutar og jenter som leikar.

6Så seier HERREN over hærskarane: Om dette ser umogleg ut for dei som er att av folket på den tida, skulle det vera umogleg for meg? seier HERREN over hærskarane.

7Så seier HERREN over hærskarane: Sjå, eg frelser folket mitt frå landet der sol går opp, og frå landet der sol går ned.

8Eg fører dei inn, dei skal bu i Jerusalem, dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i truskap og rettferd.

9Så seier HERREN over hærskarane: Ta mot til dykk, de som i desse dagar høyrer orda frå munnen til profetane, som dei tala den dagen då grunnmuren vart lagd til huset til HERREN over hærskarane, då tempelet skulle byggjast.

10For før den tid hadde folk ikkje noko att for strevet sitt, og dyra fekk ingenting att for sitt. Verken den som gjekk eller den som kom, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11Men no vil eg ikkje vera som før i tida mot dei som er att av dette folket, seier HERREN over hærskarane.

12For i fred skal såkornet veksa, vinstokken skal bera frukt, jorda gje grøde og himmelen dogg. Eg skal gje alt dette til eigedom for dei som er att av dette folket.

13Slik de har vore ei forbanning mellom folkeslaga — du Judas hus og du Israels hus — slik skal de bli ei velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men ta mot til dykk!

14For så seier HERREN over hærskarane: Slik eg planla vondt mot dykk den gongen fedrane dykkar vekte harmen min, seier HERREN over hærskarane, og eg ikkje angra,

15slik har eg i desse dagar tvert om planlagt å gjera vel mot Jerusalem og Judas hus. Ver ikkje redde!

16Dette er boda de skal halda: Snakk sant med kvarandre! Døm rett og sant i byportane, fell dommar som skaper fred.

17Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjartet, elsk ikkje falsk eid! For alt slikt hatar eg, seier HERREN.

18Då kom ordet frå HERREN over hærskarane til meg:

19Så seier HERREN over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!

20Så seier HERREN over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar.

21Dei som bur i éin by, skal fara til ein annan og seia: «Kom, lat oss gå og be om velvilje for HERRENS andlet, søkja HERREN over hærskarane! Eg òg vil gå med.»

22Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja HERREN over hærskarane i Jerusalem og be om velvilje for HERRENS andlet.

23Så seier HERREN over hærskarane: I dei dagane skal ti mann av alle språk og folkeslag gripa tak i kappefliken til ein judeisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.