Zechariah 7NO2011NN

1Det var i det fjerde styringsåret til kong Dareios. HERRENS ord kom til Sakarja på den fjerde dagen i den niande månaden, i kislev.

2Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans for å be om velvilje for HERRENS andlet.

3Dei skulle spørja prestane i huset til HERREN over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»

4Då kom ordet frå HERREN over hærskarane til meg:

5Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då?

6De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?»

7Var det ikkje desse orda HERREN ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?

8HERRENS ord kom til Sakarja:

9Så seier HERREN over hærskarane: Døm sant og rett, vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!

10De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause, innflyttarar og fattige! De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.

11Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve.

12Dei gjorde hjartet hardt som flint og ville ikkje høyra på lova og orda som HERREN over hærskarane hadde sendt ved sin Ande gjennom dei tidlegare profetane. Då vart HERREN over hærskarane mektig harm.

13Når han ropa, ville dei ikkje høyra. «Så, når dei ropar, vil heller ikkje eg høyra», sa HERREN over hærskarane.

14«Eg vil blåsa dei bort mellom alle folkeslaga som dei ikkje kjenner. Landet skal liggja audt etter dei, ingen skal koma og gå. Slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.