Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Zechariah 13

:
Norwegian - NO2011NN
1 Den dagen skal det vera ei open kjelde for Davids hus og for dei som bur i Jerusalem, til å reinsa bort synd og ureinskap.
2 Den dagen, seier HERREN over hærskarane, slettar eg ut namna avgudane frå landet, dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg bort frå landet.
3 Om nokon framleis talar profetisk, skal far og mor hans, som sette han til verda, seia til han: «Du får ikkje leva, for du har tala løgn i HERRENS namn.» Og far og mor hans, som sette han til verda, skal stikka han ned fordi han har tala profetisk.
4 Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga.
5 Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»
6 Spør nokon han: «Kva er det for sår du har kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»
7 Sverd, vakna mot gjetaren min, mot mannen som står meg nær, seier HERREN over hærskarane. Slå gjetaren sauene spreiest! Eg lyfter handa mot dei minste.
8 Det skal skje i heile landet, seier HERREN, at to tredjedelar skal ryddast ut og døy, men ein tredjedel skal bli att.
9 Den tredjedelen fører eg gjennom eld, eg reinsar han som ein reinsar sølv, eg prøver han som ein prøver gull. Dei skal kalla mitt namn, og eg skal svara dei. Eg skal seia: «Dei er mitt folk», og dei skal svara: «HERREN er vår Gud.»